• norsk
    • English
  • English 
    • norsk
    • English
  • Login
View Item 
  •   Home
  • Fakultet for naturvitenskap (NV)
  • Institutt for kjemi
  • View Item
  •   Home
  • Fakultet for naturvitenskap (NV)
  • Institutt for kjemi
  • View Item
JavaScript is disabled for your browser. Some features of this site may not work without it.

Korleis ulike typar aerogel kan brukast til å fjerne olje frå havet

Ertesvåg, Ragnhild Lea
Bachelor thesis
Thumbnail
View/Open
no.ntnu:inspera:53064343:32200120.pdf (697.4Kb)
URI
https://hdl.handle.net/11250/2658706
Date
2020
Metadata
Show full item record
Collections
  • Institutt for kjemi [1503]
Abstract
Ei rekkje forsøk har blitt utført opp igjennom tidene for å finne den beste metoden

for fjerning av olje frå havet. Metodene som har blitt nytta kan klassifiserast som

biologiske, kjemiske og fysiske metodar.[1] Nokre av dei kjemiske metodene som er

i bruk er svie på staden og størkning. Problemet med desse metodene er at dei er

kompliserte å utføre og har høg kostnad. Dei biologiske metodene er tidkrevjande

og ein må ta hensyn til pH, temperatur og oksygeninnhald. Dei fysiske metodane

brukar blant anna bommar for å fjerne olja, men det er ofte ueffektivt. Til dags

dato er det absorpsjon som har vist seg å vere mest effektivt ettersom absorbantar

har evne til å fjerne alt av ønska stoff. Absorpsjonstida vil variere mellom dei ulike

absorbentane ein nytter seg av, men ein må også ta hensyn til at absorpsjonen

blir påverka av temperatur, der varmare temperatur gir høgare absorpsjon. Det

er eit stort utval av absorbantar tilgjengelig på markedet, slik som aktivt kol

og sagflis. Desse fungerer til absorpsjon av små oljesøl, men lid ofte av dårlege

absorpsjonsevner grunna absorpsjon av både vatn og olje. Dette gjer at dei er

ikkje er eigna til store oljesøl i havet sjølv om dei er kostnadsvenlege.[2] Eit

lovande materiale innan oljeabsorpsjon frå havet er aerogel. Ein aerogel er eit

sterkt materiale med låg tettleik og høg porøsitet, noko som gjer den til eit godt

val som absorbent. Aerogel kan absorbere både polare og upolare sambindingar,

avhengig av kva som er ønskt å absorbere. Ein har sett nærare på aerogelens

absorpsjonsevne og ettersom aerogel er eit relativt nytt materiale er det framleis

mykje å forske på, der ein kan forbetre styrke og absorpsjonsevner.

Aerogelar er ikkje berre éin type materiale beståande av éi bestemt sambinding.

Ein kan lage aerogelar av mange forskjellige samansetningar slik som silika,

karbon-nano-røyr, cellulose og aluminium.[3] Ein har sett nærare på silikaaerogel

og cellulose-aerogel, meir spesifikt resirkulert cellulose-aerogel laga av

papp og papiravfall. Både silika- og den resirkulerte cellulose-aerogelen er gode

olje-absorbentar når dei har blitt gjort superhydrofobe ved hjelp av anten metyltrimetoxysilan,

MTMS eller tetraetyl-ortosilikat, TEOS. Absorpsjonsevna til

aerogelane er nokså like sjølv om dei har ulike samansetningar, men ved å sjå

på resultat frå ulike forsøk ser ein at den resirkulerte cellulose-aerogelen har absorbert

heile 20.5 gram råolje/gram aerogel medan silika-aerogelen har absorbert

11.02 gram diesel/gram aeorogel. Utryggleiken ligg i at ein ikkje veit kor lenge

silika-aerogelen har vore i kontakt med olja og at det ikkje er tatt i bruk

same olje under forsøka for dei to aerogelane. Dersom ein ser på absorbentane

frå eit berekraftig synspunkt er det den resirkulerte cellulose-aerogelen som er

vinnaren ettersom den kan produserast frå papp og papiravfall, har den beste

absorpsjonsevnen frå forsøka som har blitt utført, ikkje negativt påverkar det

marine økosystemet og den er billegare å produsere, noko som skapar interesse

for produsentane.
Publisher
NTNU

Contact Us | Send Feedback

Privacy policy
DSpace software copyright © 2002-2019  DuraSpace

Service from  Unit
 

 

Browse

ArchiveCommunities & CollectionsBy Issue DateAuthorsTitlesSubjectsDocument TypesJournalsThis CollectionBy Issue DateAuthorsTitlesSubjectsDocument TypesJournals

My Account

Login

Statistics

View Usage Statistics

Contact Us | Send Feedback

Privacy policy
DSpace software copyright © 2002-2019  DuraSpace

Service from  Unit