Korleis ulike typar aerogel kan brukast til å fjerne olje frå havet
Abstract
Ei rekkje forsøk har blitt utført opp igjennom tidene for å finne den beste metodenfor fjerning av olje frå havet. Metodene som har blitt nytta kan klassifiserast sombiologiske, kjemiske og fysiske metodar.[1] Nokre av dei kjemiske metodene som eri bruk er svie på staden og størkning. Problemet med desse metodene er at dei erkompliserte å utføre og har høg kostnad. Dei biologiske metodene er tidkrevjandeog ein må ta hensyn til pH, temperatur og oksygeninnhald. Dei fysiske metodanebrukar blant anna bommar for å fjerne olja, men det er ofte ueffektivt. Til dagsdato er det absorpsjon som har vist seg å vere mest effektivt ettersom absorbantarhar evne til å fjerne alt av ønska stoff. Absorpsjonstida vil variere mellom dei ulikeabsorbentane ein nytter seg av, men ein må også ta hensyn til at absorpsjonenblir påverka av temperatur, der varmare temperatur gir høgare absorpsjon. Deter eit stort utval av absorbantar tilgjengelig på markedet, slik som aktivt kolog sagflis. Desse fungerer til absorpsjon av små oljesøl, men lid ofte av dårlegeabsorpsjonsevner grunna absorpsjon av både vatn og olje. Dette gjer at dei erikkje er eigna til store oljesøl i havet sjølv om dei er kostnadsvenlege.[2] Eitlovande materiale innan oljeabsorpsjon frå havet er aerogel. Ein aerogel er eitsterkt materiale med låg tettleik og høg porøsitet, noko som gjer den til eit godtval som absorbent. Aerogel kan absorbere både polare og upolare sambindingar,avhengig av kva som er ønskt å absorbere. Ein har sett nærare på aerogelensabsorpsjonsevne og ettersom aerogel er eit relativt nytt materiale er det framleismykje å forske på, der ein kan forbetre styrke og absorpsjonsevner.
Aerogelar er ikkje berre éin type materiale beståande av éi bestemt sambinding.Ein kan lage aerogelar av mange forskjellige samansetningar slik som silika,karbon-nano-røyr, cellulose og aluminium.[3] Ein har sett nærare på silikaaerogelog cellulose-aerogel, meir spesifikt resirkulert cellulose-aerogel laga avpapp og papiravfall. Både silika- og den resirkulerte cellulose-aerogelen er godeolje-absorbentar når dei har blitt gjort superhydrofobe ved hjelp av anten metyltrimetoxysilan,MTMS eller tetraetyl-ortosilikat, TEOS. Absorpsjonsevna tilaerogelane er nokså like sjølv om dei har ulike samansetningar, men ved å sjåpå resultat frå ulike forsøk ser ein at den resirkulerte cellulose-aerogelen har absorbertheile 20.5 gram råolje/gram aerogel medan silika-aerogelen har absorbert11.02 gram diesel/gram aeorogel. Utryggleiken ligg i at ein ikkje veit kor lengesilika-aerogelen har vore i kontakt med olja og at det ikkje er tatt i bruksame olje under forsøka for dei to aerogelane. Dersom ein ser på absorbentanefrå eit berekraftig synspunkt er det den resirkulerte cellulose-aerogelen som ervinnaren ettersom den kan produserast frå papp og papiravfall, har den besteabsorpsjonsevnen frå forsøka som har blitt utført, ikkje negativt påverkar detmarine økosystemet og den er billegare å produsere, noko som skapar interessefor produsentane.