Ei morfologisk undersøking av terrasseformer i Lesja, Nord-Gudbrandsdalen, Noreg
Master thesis
View/ Open
Date
2012Metadata
Show full item recordCollections
- Institutt for geografi [1130]
Abstract
The main focus of this thesis is to study the morphology of the terraces in Lesja, Nord- Gudbrandsdalen, Norway. The terraces are very distinct landforms, and have been continuously discussed since 1850. An earlier hypothesis is that some of these terraces are palaeoshorelines from an ice dammed lake (Store Dølasjø) from the last deglaciation. There are still a lot of questions about forms and processes around these landforms and more data are required. This paper addresses questions about the characteristics of the terraces to find answers concerning their forms, chronology and processes that may have been involved in their formation .Is it possible to find evidence of level-controlled form elements like palaeo shorelines and terraces from the ice-dammed lake Store Dølasjø in Lesja? A multi-method approach was implemented during the summer of 2011 in Lesja. The main method was surveying with differential GPS and Optics Sprinter 250M. Four cross sections were measured at the biggest terrace form, and a soil profile was studied. Another soil profile was studied at the topographic highest terrace, and remote sensing was implemented before and after field work. The main terrace studied is probably formed by one or more glacial lake outburst floods from a lateral lake in contact with cold based ice. Evidence of level-controlled form elements like palaeoshorelines from Store Dølasjø was not found. The study shows that many of the landforms have formed by drainage and lateral lakes. Hovudfokuset for denne oppgåva er å studere morfologien til terrassane i Lesja, Nord- Gudbrandsdalen, Noreg. Terrassane er distinkte landformer i dalsida, som har vore diskutert heilt sidan 1850 og fram til i dag. Ei tidlegare hypotese er at nokre av desse terrasseformene stammar frå ein bredemd sjø, Store Dølasjø, frå sist deglasiasjon. Det er framleis mange spørsmål rundt formene og prosessane til desse landformene og meir data er nødvendig å framskaffe for å få meir kunnskap. Denne masteroppgåva tar opp spørsmål om karakteristikkane til terrassane, for å finne svar på form, kronologi og prosessar som kan ha danna dei. Er det mogleg å finne bevis for nivåstyrte formelement som palaeostrandlinjer og terrassar frå den bredemde sjøen Store Dølasjø i Lesja? Fleire metodar vart brukt for å tilnærme seg problemstillingane. Feltarbeidet vart gjennomført sommaren 2011 i strekninga Kvernåi–Vidflotten i Lesja kommune. Den viktigaste metoden var oppmåling med differensiell GPS og nivelleringskikkert Sprinter 250M. Fire tverrprofil vart oppmålt på den største terrasseforma, og ein jordprofil vart studert. Ein jordprofil med tre jordprøvar vart tatt på den terrassen som ligg øvst i terrenget, og fjernmåling vart brukt før og etter feltarbeidet. Den største terrassen er truleg danna ved eit eller fleire jøkulhlaup, frå ein randsjø i kontakt med ein kald is. Det vart ikkje funnet noko bevis på nivåstyrte formelement som tosidig sete frå Store Dølasjø. Studiet viser at mange av landformene som er observert er danna ved drenering og ved laterale innsjøar.