Kvifor ikkje nynorsk? Eit metaperspektiv på sju studiar om språkbortval i randsoner
Journal article, Peer reviewed
Published version

View/ Open
Date
2019Metadata
Show full item recordCollections
Abstract
Statistikken slår fast at mange sluttar å bruke nynorsk som hovudmål etter grunnskulen eller i løpet av vidaregåande. Dette gjeld spesielt i område der nynorsken tidlegare har stått sterkt, og no er under særleg press frå bokmål. Kvifor vel så mange bort nynorsk? Dette er språkval som blir gjort av mange ulike individ som ein del av ein større samanheng. Den tospråklege situasjonen i Noreg der dei to språka ikkje har same status i praksis, er sentral i forståinga av denne trenden. Tidlegare har det berre vore gjort geografisk avgrensa enkeltstudiar av slike språkbortval ved skular, medan føremålet med denne artikkelen er å sjå systematisk på eit samla datagrunnlag og dermed kunne seie noko generelt om prosessen. Artikkelen bygger på data frå sju enkeltstudiar om språkval i randsoner. Materialet inkluderer ei undersøking av nynorsk som hovudmål gjort i Hordaland, Telemark og Rogaland, ein studie frå Valdres i Oppland, og fem masteroppgåver med data frå skular i Hordaland, Møre og Romsdal og Agder. Gjennom ein kvantitativ metaanalyse og ein kvalitativ diskursanalyse freistar eg å identifisere årsakene til at så mange byter til bokmål, og tilby ei forklaring på trenden. For å svare på dette er både grunngjevingane til informantane kartlagde og kvantifiserte, og utsegner i intervju og spørjeundersøkingar analyserte. Svært mange elevar i desse områda oppgir mangel på kompetanse som ein grunn til at dei byter til bokmål. I tillegg ser det ut til at stigmatiserande haldningar til nynorsk, og at nynorsk blir sett på som mindre viktig, er sentrale faktorar bak desse vala.