Vis enkel innførsel

dc.contributor.advisorLavrutich, Maria
dc.contributor.authorDønnestad, Eirik Magnus
dc.contributor.authorTeige, Amalie Marie
dc.date.accessioned2019-10-17T14:01:11Z
dc.date.available2019-10-17T14:01:11Z
dc.date.issued2019
dc.identifier.urihttp://hdl.handle.net/11250/2622895
dc.description.abstractDenne oppgåva tek føre seg investeringvala til eit vasskraftselskap som har ein turbin med avtakande verknadsgrad. Selskapet kan velje mellom to strategiar: (i) å erstatte turbinen direkte, eller (ii) å oppgradere den eksisterande turbinen, altså forlenge levetida ved å endre utviklinga i verknadsgradskurva, for deretter å erstatte turbinen på eit seinare tidspunkt. Denne oppgåva ønsker å vise kva for nokre incentiv selskapet har til å iverksetje ein strategi, og under kva omstende det vel å investere. Vårt hovudmål er å utvikle ein brukarvennleg modell som kan hjelpe selskapet med å navigere i eit usikkert landskap. På denne måten tilbyr vi eit verktøy som kan brukast for å avgjere dei beste vala knytt til reinvesteringar. For å finne den optimale investeringsstrategien brukar vi realopsjonsmetoden. I motsetnad til tradisjonelle modellar finn vi at investeringsregionen kan vere dikotom, og at begge strategiane då er optimale i ulike delar av løysingsrommet. I dei tilfella der investeringsregionen ikkje er dikotom, er det optimalt å berre erstatte turbinen. Vi finn at det optimale investeringsmiljøet i stor grad er avhengig av den relative appellen til dei to strategiane. Sidan å erstatte turbinen inngår i begge strategiane, er det i hovudsak oppgraderinga som avgjer investeringsmiljøet. Når det blir meir gunstig å oppgradere grunna ein høgare relativ verdi av å forlenge levetida har det dikotome investeringsmiljøet eit høgare sannsyn for å vere dominerande. Utfallet vert derimot det motsette om ei oppgradering ikkje har like stor innverknad på den overordna verdien. Denne skilnaden er spesielt tydeleg dersom ein ser på konsekvensen av å ha ein turbin med lav verknadsgrad. I dette tilfellet vil det å auke verknadsgrada direkte vere mykje meir verdifullt enn å auke den framtidige utviklinga til den eksisterande verknadsgradskurva. Difor er det i denne situasjonen den strategien som berre erstattar turbinen som er dominant. Som ei mogleg utviding av modellen diskuterer vi kva implikasjonar det vil ha for resultata dersom ein inkluderer moglegheita for turbinsvikt. Vi argumenterer for at selskapet vil ha eit ekstra incentiv til å investere tidlegare i begge strategiane dersom både oppgradering og erstatting av turbinen reduserer sviktraten. Grunnen til dette er at selskapet burde vere villegare til å betale investeringskostnaden for å redusere sjansen for svikt.
dc.description.abstractThis thesis studies the investment behaviour of a hydropower firm that faces a deteriorating turbine efficiency. The firm can choose between two strategies: (i) replacing the turbine directly, and (ii) upgrading, or extending the lifetime of the turbine by changing the arc of the future degradation before an eventual replacement. The thesis aims to show what incentives the firm may have to instigate either of the two strategies and under which conditions it chooses to do so. Our main goal is to provide a tractable model that helps to navigate the firm in an uncertain environment to make the optimal re-investment decisions. In this setting, the firm faces an optimal stopping problem of when to make the investment. We solve this by using the real options approach. As opposed to traditional models, we find that the investment region in some cases becomes dichotomous, and that both strategies are optimal in different regions of the state-space. If this is not the case, direct replacement is the uniformly dominating strategy. In our model, the optimal investment environment depends on the relative attractiveness of the renovating strategies. Because the replacement option is embedded in both strategies, it is the upgrading option that mainly determines the optimal decision. When upgrading becomes more favourable due to an increase in the relative value of a lifetime-extension of the turbine, we find that the dichotomous investment environment is more likely to be dominant. If, however, a turbine upgrade is found to have a smaller impact on the overall value, the opposite holds. This is especially notable when we investigate the effect of operating with a low turbine efficiency. In this case, the payoff from boosting the efficiency to a new starting level outweighs the benefits from improving the future trajectory of the degradation process. As a result, direct replacement is the dominating strategy in this situation. As a possible extension of our model, we discuss the implications of including the risk of a turbine failure. We argue that the firm would be incentivized to invest earlier in both of the strategies if the failure rate decreases when the turbine is upgraded or replaced. The reason for this, is that the firm should be more willing to pay the sunk investment cost in order to reap the benefit of a reduced possibility of failures.
dc.languageeng
dc.publisherNTNU
dc.titleOptimal Turbine Re-Investment Strategies in Hydropower
dc.typeMaster thesis


Tilhørende fil(er)

Thumbnail

Denne innførselen finnes i følgende samling(er)

Vis enkel innførsel