Analyse av ulike anmeldingsmetodikkar i spotmarkedet
Master thesis
Date
2017Metadata
Show full item recordCollections
- Institutt for elkraftteknikk [2576]
Abstract
Formålet med energidisponering er å utnytte energiressursane, i vårt tilfelle vatnet, for å maksimere inntektene og/eller minimere kostnadane. Analysemodellar med ulik tidshorisont blir brukt til å optimalisere kraftsystemet med ulik detaljgrad. SHOP er ein korttidsmodell som blir brukt av dei fleste store kraftprodusenter i Norge. Den har fleksibel tidshorisont, typisk 1-2 veker. Den mest brukte tidsoppløysinga er på 1 time. Dette gjer modellen anvendbar til budgiving i spotmarkedet.
Dei nordiske kraftprodusentene leverer kvar dag inn bud til kraftbørsen NordPool før kl 12. Buda fortel kor mykje dei er villige til å produsere på ulike prisnivå for kvar time det neste døgnet. Dette er 12 til 36 timar før energien blir produsert, noko som fører til at pris og tilsig må handterast som stokastiske variablar.
Statkraft ynskjer å undersøke kva for anmeldingsmetodikk som reknar ut dei mest robuste anmeldingane, og å finne ut om det gir ein gevinst ved å optimalisere under usikkerheit. Prisuavhengig anmelding, som optimaliserer deterministisk mot prisprognosen, er samanlikna med stokastisk anmelding, som optimaliserer med 11 prisscenario rekna ut frå prisprognosen. Anmeldingane og verdiberekningane av desse har vorte rekna ut i SHOP.
Analysene av anmeldingsscenarioa har basert seg på å undersøke korleis dei to anmeldingsmetodikkane handterer ulike prisprofilar og -nivå. Analysene samanliknar anmeldingsresultata med budkurven og objektfunksjonen til referansen perfekt anmelding.
Resultata viser at prisuavhengig lagar robuste anmeldingar i tilfelle kor prisprognosene er rimeleg nøyaktige, mens stokastisk anmelding skårar best ved unøyaktige prisprognoser. Prisuavhengig treffer ofte godt på budmønster, mens stokastisk anmelding treffer godt på produksjonsvolum gjennom døgnet.
Stokastisk anmelding resulterer ofte i sagtannforma budkurver, noko som fører til hyppig start/stopp av generatorar og kan dermed påføre produsenten ekstra kostnadar knytt til vannforbruk, arbeidsverk og vedlikehald. Reknetida til stokastisk anmelding er målt til å vera 12 gongar lengre enn for prisuavhengig anmelding. Dette er ein stor bakdel med denne metodikken.
Denne analysa viser at prisuavhengig anmelding eigner seg betre enn stokastisk anmelding ved normal tilstand. I tilfelle kor prisen er vanskeleg å prognosere skårar derimot stokastisk anmelding best. I slike tilfelle blir det ein balansegang mellom tapt fortjeneste eller å investere tid i å anmelde stokastisk.
Resultata i denne analysen kan moglegens skuldast at prisprognosene jevnt over var gode, og at prisscenarioa i den stokastiske metodikken ikkje er fundamentale, men bestemt ved ein konstant representasjon av usikkerheiten.