Demping av U-røyrsvingingar i vasskraftverk
Master thesis
Date
2013Metadata
Show full item recordCollections
- Institutt for elkraftteknikk [2573]
Abstract
Det er i denne oppgåva sett på mulegheitene for å gjennomføra eit storskala u-røyrforsøk ved Vannkraftlaboratoriet ved NTNU. Eit slikt forsøk må kunna måla transient hastigheitsprofil til vatnet som oscillerer. Det er foreslått å bruka PIV (Particle Image Velocimetry) til måla dette. I tillegg må vassnivået i u-røyret overvakast og loggast for å visa korleis svingingane dempar seg ut. Det er ønskjeleg å finna ein samanheng mellom korleis hastigheitsprofilet ser ut, og utviklar seg, og dempinga. I tillegg er det interessant å undersøka korleis ulike svingefrekvensar og startamplitudar påverkar dempinga. Ei muleg løysing på oppsett og målemetode er funne, og bør kunna gjennomførast i Vannkraftlaboratoriet.I tillegg er det sett på to ulike dempemodellar for u-røyrsvingingar som er samanlikna med tidlegare målingar gjort på eit mindreskala u-røyr. Begge desse dempemodellane viser seg å gi for lite demping for større amplitudar. Det meste av teori og forsøk som er gjort på demping av u-røyrsvingingar dreiar seg om småskala oppsett med låge staramplitudar. Strøyminga får dermed relativ lågt Reynoldstal samanlikna med eit fullskala kraftverksystem. Det er usikkert om slike dempemodellar kan overførast til fullskala vasskraftsystem.