Show simple item record

dc.contributor.advisorBargel, Terje Harald
dc.contributor.advisorSund, Monica
dc.contributor.advisorGrønsten, Heidi A.
dc.contributor.authorSkuset, Sunniva
dc.date.accessioned2018-09-25T14:00:58Z
dc.date.available2018-09-25T14:00:58Z
dc.date.created2018-08-30
dc.date.issued2018
dc.identifierntnudaim:16343
dc.identifier.urihttp://hdl.handle.net/11250/2564441
dc.description.abstractJordskredvarslinga ved Noregs Vassdrags- og Energidirektorat (NVE) har det operative ansvaret for å vurdere faren for sørpeskred. Varslinga baserer seg på fleire faktorar, men i tillegg ein del erfaringsbaserte vurderingar. Ei sentral vurdering er venta vasstilførsel i forhold til snødjupna, fordi vassinnhaldet i snøen er viktig for utløysing. I tillegg er nokre snøtypar utpeika som meir utsette for å danne sørpeskred enn andre. Eigenskapane til snødekket kan difor vere avgjerande for om regnvêr på snødekke vil medføre utløysing, eller ikkje. Terskelverdiane som vert nytta for å definere kritiske situasjonar er typisk basert på erfaringar frå tidlegare sørpeskredhendingar og feltobservasjonar, men har få eller ingen studie med kontrollerte feltforsøk å støtte seg på. Denne studia har såleis utvikla eit feltdesign, metode og utstyr for å undersøke terskelverdiar for utløysing av sørpeskred i ulike snøtypar i felt. Metoden bruker naturleg og i størst muleg grad urørt snø som isolerast med ein tett boks, og kunstig tilførsel av vatn. Snøblokka vert så frigjort for å sjå om vassinnhaldet i snøen er høgt nok til at snøen oppfører seg som ustabil sørpe. Det er sider ved både metode og utstyr som gjer forsøka mindre likt naturlege forhold. Samstundes finst det døme på andre studiar av snø og vatn der liknande metode og utstyr har vore brukt, men desse forsøka har hatt andre formål. Forsøksdesignet, metoden og utstyret som er utvikla i dette studiet treng meir testing, før ein nærare kan vurdere nytteverdien, men kan truleg brukast som utgangspunkt for vidare feltforsøk. Resultatet frå testane som er gjennomført med forsøksdesignet, metoden og utstyret var at snøtypane, ulike variantar av smelteomvandla grovkorna snø, trong eit høgt vassnivå for å nå ein kritisk ustabilitet (80-100 % av snødjupn). Dette stemmer overeins med litteratur og erfaringa frå jordskredvarslinga; at smelteomvandla snø er mindre utsett for å danne sørpeskred. Sørpeskred kan likevel gå i alle snøtypar. Resultata frå forsøka i dette studiet antydar at kritsik vassnivå kan variere mykje for ulike snøtypar. Særleg om ein samanliknar med terskelverdiar som jordskredvarslinga brukar for forventa utløysing i andre snøtypar. Det indikerer i så fall at eit nyttig tilskot til vurdering av sørpeskredfare vil vere å utarbeide eigne terskelverdiar for ulike snøtypar, ved hjelp av feltforsøk. Om denne metoden viser seg å vere brukbar, kan den nyttast til dette formålet.
dc.languagenob
dc.publisherNTNU
dc.subjectGeologi, Miljø- og geoteknologi
dc.titleUtløysing av sørpeskred i ulike snøtypar - Utvikling av forsøksdesign, metode og utstyr for feltforsøk, med formål å undersøke utløysing av sørpeskred i ulike snøtypar
dc.typeMaster thesis


Files in this item

Thumbnail
Thumbnail

This item appears in the following Collection(s)

Show simple item record