Vis enkel innførsel

dc.contributor.advisorBargel, Terje Harald
dc.contributor.authorOse Velle, Vegard
dc.date.accessioned2018-07-02T14:01:03Z
dc.date.available2018-07-02T14:01:03Z
dc.date.created2018-05-15
dc.date.issued2018
dc.identifierntnudaim:16110
dc.identifier.urihttp://hdl.handle.net/11250/2504049
dc.description.abstractHensikta med denne oppgåva er å belyse effekta som skoghogst har på stabiliteten av skråningar. Denne skråninga ligg ved Fremstad i Stjørdalen kommune, og i nyare tid har det vore henta ut skog i dette området. Lokalområdet har blitt utsett for fleire skred i lausmassar gjennom tid, som har verka til å utføre skadeverk på lokalbebyggelse og vegnett. Bakgrunna for val av tema var personleg interesse i å finne ut meir om kva faktorar som styrar stabiliteten av slike skråningar, og kva innverknad skoghogst har på denne stabiliteten. I denne oppgåva prøver forfattar å finne ut kva tilstand av stabilitet området har i naturleg tilstand, og i kor stor grad hogstverksemda har ført til endringar i denne. Framgangsmåten som vart benytta bestod i ein kombinasjon av feltarbeid, fysiske analysar på prøver tekne i felt, og litteraturstudium om faktorar som påverkar stabiliteten av skråningar. Litteraturen består av ein kombinasjon av tidlegare kandidatoppgåver, etablert faglitteratur, forskingsartiklar og kommunale dokumentet. Fokuset av denne litteraturen har lagt på geologiske, hydrologiske, geomorfologiske og menneskelege faktorar som har innverknad på skråningar sin stabilitet. Vegetasjon vart anerkjent som ein sentral faktor under dette litteraturstudiumet, men av tidsomsyn vart ikkje dette tatt med i oppgåva. Resultat av undersøkelsar viste at skråninga i normaltilstand har lav stabilitet grunna ugunstig geomorfologisk karakter, lite oppstøttande berggrunn, høgt finstoffinnhold i lokale materialtypar og låg skjærstyrke i desse massane. Skoghogsten har i hovudsak påverka stabiliteten ved dreneringsendringar i terrenget, auka erosjon i lokaliserte soner ved oppkonsentrering av vatn, auke i poretrykk og overflateavrenning, svekking av jorddekket ved rotning av røter, og ved dannelse av moglege utløysingsområder for skred grunna tette stikkrenner. Hogsten har av forfattar blitt tolka til å ha senka stabiliteten av skråninga.
dc.languagenob
dc.publisherNTNU
dc.subjectGeologi, Miljø- og geoteknologi
dc.titleStabilitetsvurdering av hogstfelt ved Fremstad i Stjørdal kommune - Effekt av snauhogst på skråningsstabilitet
dc.typeMaster thesis


Tilhørende fil(er)

Thumbnail
Thumbnail

Denne innførselen finnes i følgende samling(er)

Vis enkel innførsel