Analyse av stabilitet og utløpslengde for moglege steinskred frå fjellside ved Sjøåsberget
Master thesis
Permanent lenke
http://hdl.handle.net/11250/2485764Utgivelsesdato
2017Metadata
Vis full innførselSamlinger
Sammendrag
Ved Sjøåsberget i Namdalseid kommune er det ei fjellside med usikker stabilitet som representerer ein potensiell fare for busetnad nedanfor. Spesielt stabiliteten til ei stor, sprekkeavløyst blokk i dette fjellpartiet har vore diskutert ved fleire tidlegare høve, og blir her kalla «Sjøåsblokka». Hovudformålet med masteroppgåva er å utføre ei systematisk stabilitetsanalyse basert på kvalitetssikra inngangsparametrar, samt å analysere rekkevidda for moglege steinskred frå fjellsida ved Sjøåsberget.
Feltkartlegging og laboratoriearbeid har blitt lagt til grunn som inngangsparametrar til stabilitets- og utløpsanalyser og vurderingar elles av Sjøåsberget. Generelt for Sjøåsberget har det blitt utført kinematisk analyser og lengdeprofil av kritiske sprekker, for å identifisere potensielle ustabile parti ved Sjøåsberget. Frå dette er det Sjøåsblokka som verka mest potensiell ustabil, og andre parti og scenario blir vurdert som truleg stabile og mindre sannsynlege. Det er også lite som tyder på stadfesta eller signifikante rørsler ved Sjøåsberget og Sjøåsblokka frå InSAR-målingar og måleboltar.
Skråningsstabilitet og farevurdering av Sjøåsblokka har blitt vurdert og berekna etter partialfaktor-metoden, som er krav via teknisk forskrift (TEK17). Berekninga har vore via deterministisk og probabilistisk analyse samt sensitivitetsanalyse av inngangsparametrar. Eit forslag til mogleg framgangsmetode i vurderinga av seismisk aktivitet etter den relativt nye metoden i Eurokode 8 har også blitt gjort greie for. Det same gjeld metoden som er nytta i farevurderinga. Her har kjende metodar for skråningsstabilitet blitt adaptert til å vurdere steinsprangfare etter TEK17 sine tryggleiksklassekrav.
Summen av stabiliserande krefter (ΣRd) er langt større enn summen av drivande krefter (ΣFd) ved Sjøåsblokka, og er per definisjon stabilt etter partialfaktor-metoden. I overføringa til ein «sikkerheitsfaktor» (ΣRd/ΣFd) vil dette tilsvare verdiar mellom 4 og 5 for den deterministiske analysen. Den probabilistiske analysen gjev ein mest sannsynleg verdi på 3,90, og eit sannsyn for kollaps på 0,01 %. Sjøåsblokka kan oppnå ein likevektstilstand dersom ein justerer JRC-verdien til rundt 2 for begge glideplana. Så låge JRC-verdiar verkar lite representativt for forholda ved Sjøåsblokka eller sprekkeflater generelt ved Sjøåsberget.
Farevurderinga av Sjøåsblokka er basert på ei akkumulert sannsynleg rekkevidde som ein kombinasjon av sannsyn for kollaps og sannsynleg rekkevidde frå utløpsmodellering. Fokuset er på dei to husa nærmast Sjøåsberget med antatt levetid til bustadhus på 50 år. RocFall «rigid body» og Rockyfor3D har dei mest konservative utløpa, men også meir usikre inngangsparametrar der ikkje alt verkar like reelt. Trajecto3D er rimeleg likt RocFall «lumped mass» i utløp, der desse modellane er minst konservative. Utløpsdistansen til RocFall «lumped mass» er vektlagt på grunn av mest sikre inngangsparametar. Trajecto3D er under utvikling og kan bli ein nyttig og lovande 3D-modell.
Med eit utløp frå den mest konservative simuleringsmodellen som grunnlag, blir det årlege sannsynet for steinsprang frå Sjøåsblokka estimert til å vere langt mindre enn TEK17 sine tryggleiksklassekrav for bustadhus. I følgje denne vurderinga er det difor ikkje naudsynt med noko sikring av eksisterande busetnad ved Sjøåsen som følgje av Sjøåsblokka. Dette under føresetnad av at dei tolkingar og antagelsar som er gjort samt parameterinnputt er fornuftige og representer situasjonen til Sjøåsblokka på ein god måte. Farevurdering har blitt utført spesifikt på Sjøåsblokka og seier ingen ting om steinsprangfaren knytt til andre parti eller fjellsida generelt ved Sjøåsberget. Under Sjøåsberget er det observert få nylege steinsprang som kan tyde på låg steinsprangaktivitet. Skogen har potensial til å dempe steinsprang < 1 m3, men vil lite truleg stoppe alle blokker.