Vis enkel innførsel

dc.contributor.advisorBrattli, Bjørge
dc.contributor.authorHestad, Siri Ane
dc.date.accessioned2017-06-02T14:00:56Z
dc.date.available2017-06-02T14:00:56Z
dc.date.created2017-05-15
dc.date.issued2017
dc.identifierntnudaim:14390
dc.identifier.urihttp://hdl.handle.net/11250/2444278
dc.description.abstractI Mølmannsdalen omlag 3,5 km søraust for Røros sentrum er der bora to produksjonsbrønnar og åtte peilebrønnar i eit drikkevassreservoar. Vasskjelda er samansett av eit grovt lag i botn med eit nettverk av mektige grusåsar over. Grusåsane er avsette av breelvar under nedsmeltinga av innlandsisen etter siste istid, og består av sorterte, grove massar av sand og grus. På nordaustleg side av prosjektområdet ligg tjukke lag av finsand og silt, som er avsett i etterkant av grusåsane då isrestane i sør demde opp for dreneringa av smeltevatnet og det danna seg store innsjøar der finare materiale vart avsett. Under forundersøkingane er det utført sonderboringar, boring av undersøkingsbrønnar og uttak av masse- og vassprøvar frå desse. I tillegg har det vore brukt georadar for å kartlegge massefordelinga og dermed grusåsane i grunnen. I vidare arbeid har det vore bora to produksjonsbrønnar som har vore kapasitetsprøvd ved trinntesting. Etter dette vart fullskala prøvepumping starta i januar 2017 med ein pumperate noko over dimensjonaerande uttak som er 25 l/s per brønn. Under prøvepumpinga har vassnivået vore peila og vassprøvar sende til analysar med jamne mellomrom. Frå peilenivåa har ein ved Asplan Viak AS laga strøymingskart for dei ulike stadia under fullskala prøvepumping. Både desse og analyseresultata av utpumpa vatn undervegs tyder på at reservoaret i upåverka tilstand vart mata frå grunnvatn lenger inne på elvesletta og oppover dalsida. Under pumping ser brønn 2 ut til å fortsette å trekkje vatn får grunnen rundt seg, medan reservoaret ved brønn 1 ser ut til å verte mata i stor grad frå Håelva som renn forbi. Frå analysene av vassprøvane ser ein dette ved at konsentrasjonen av ion stig i brønn 2 medan den synk i brønn 1. Ein måler ionekonsentrasjonen i vatn ved elektrisk leiingsevne, og innhaldet av ion er avhengig av opphaldstid i kontakt med mineralfasen. Difor fortel den elektriske leiingsevna om vatnet si opphaldstid i grunnen. Nokre mineral løyser seg lettare enn andre, og slik vil òg den mineralske samansettinga av grunnen som vatnet oppheld seg i, spele inn på grunnvasskjemien. Difor vart utvalde fraksjonar frå kornfordelingsanalysene i to ulike høgder ved begge produksjonsbrønnane analyserte for mineralsamansetting ved hjelp av røntgendiffraksjon ved instituttet. Analyseresultata her viste at massane i brønn 1 inneheldt noko kalsitt og ein del meir amfibol enn ved brønn 2. Desse funna kan forklare kvifor vatnet ved brønn 1 hadde høgare konsentrasjon av ion i upåverka tilstand enn den ved brønn 2. På grunnlag av dei innsamla data er det utarbeidd eit forslag til korleis inndeling i soner for vern av drikkevasskjelda kan gjerast. Sonene vert noko avlange langs grusryggane fordi den hydrauliske leiingsevna er høgare i lengderetningen enn på tvers. I området er der i liten grad etablert ureinande verksemd, og det som finnast avgrensar seg til nokre bøter med fulldyrka jord i tillegg til noko spreidd busetnad og hytteliv. Det er viktig å opplyse om at datagrunnlaget for denne oppgåva er noko knapt, sidan alle data om vasstrøymingar og -kvalitet under pumping er innhenta i løpet av vinter og vår før snøsmeltinga har teke til. Det gjer at ein ikkje får med korleis strøymingsbiletet ser ut ved høgare vassføring i nedbørsfeltet, noko som er naudsynt for å kunne etablere vasskjelda og soneinndelinga for å verne den.
dc.languagenob
dc.publisherNTNU
dc.subjectGeologi, Miljø- og geoteknologi
dc.titleGrunnvasstrøyming i breelvavsettingar i Mølmannsdalen, Røros
dc.typeMaster thesis


Tilhørende fil(er)

Thumbnail
Thumbnail

Denne innførselen finnes i følgende samling(er)

Vis enkel innførsel