dc.contributor.author | Landa, Arild Magne | |
dc.contributor.author | Tovmo, Mari | |
dc.contributor.author | Meås, Roger | |
dc.contributor.author | Eide, Nina Elisabeth | |
dc.contributor.author | Flagstad, Øystein | |
dc.contributor.author | Andersen, Reidar | |
dc.date.accessioned | 2017-04-11T08:07:44Z | |
dc.date.available | 2017-04-11T08:07:44Z | |
dc.date.created | 2012-03-19T13:31:48Z | |
dc.date.issued | 2011 | |
dc.identifier.isbn | 978-82-426-2180-1 | |
dc.identifier.issn | 1504-3312 | |
dc.identifier.uri | http://hdl.handle.net/11250/2437404 | |
dc.description.abstract | Avlsprogrammet for fjellrev starta i den nåverande forma i 2005 på avlsstasjonen på Sæterfjel-let (Oppdal). Her er avlsprogrammet basert på maksimering av trivsel for dyra, med store inn-hegningar i naturleg fjellrevhabitat og minst mogleg handtering av avlsdyr. Prosjektet byggjer på innfanga kvalpar frå naturen, med ei geografisk spreiing som speglar den genetiske varia-sjonen som er att i Noreg og Sverige. Det er henta inn totalt 23 viltfanga kvalpar til programmet (inklusiv 4 som viste seg å ha farmrevopphav). Hausten 2009 var stasjonen full, med 8 par i stasjonen samt eit par i Langedrag Naturpark. Alle para i programmet fekk kvalpekull våren 2010, og det vart fødd totalt 72 kvalpar. I åra 2006–2010 er det fødd 26 kull i avlsprogrammet, med totalt 176 kvalpar. I perioden 2006–2009 er det sett ut totalt 87 dyr frå avlsprogrammet. Av desse har ein funne att 56 dyr ein eller fleire gonger i datamaterialet det første året etter utsetjing. I datamaterialet for 2010 er 32 av desse dyra funne att. Av dei 38 dyra som vart sett ut i 2009 er 26 funne att i materialet for 2010. To av desse er bekrefta døde, noko som gir ei minimumsoverleving første år på 63%. Vinteren 2010/2011 vart det sett ut 72 nye kvalpar på Dovre, på Finse og i Junke-ren (Rana). På Dovrefjell vart det i 2010 registrert fem ynglingar i det fri som har sin basis i utsette dyr, med til saman minimum 39 kvalpar. Alle dei fire genetiske linjene i avlsprogrammet er representert i desse ynglingane. | nb_NO |
dc.language.iso | nno | nb_NO |
dc.publisher | Norsk institutt for naturforskning | nb_NO |
dc.relation.ispartof | NINA rapport | |
dc.relation.ispartofseries | NINA rapport;603 | |
dc.title | Avlsprogrammet for fjellrev. Årsrapport 2010 | nb_NO |
dc.type | Research report | nb_NO |
dc.source.pagenumber | 36 | nb_NO |
dc.source.issue | 603 | nb_NO |
dc.identifier.cristin | 915808 | |
dc.description.localcode | © Norsk institutt for naturforskning. Publikasjonen kan siteres fritt med kildeangivelse | nb_NO |
cristin.unitcode | 194,31,10,0 | |
cristin.unitname | Seksjon for naturhistorie | |
cristin.ispublished | true | |
cristin.fulltext | original | |