Digital filmproduksjon i Noreg: Praktiske og estetiske konsekvensar
Abstract
I avhandlinga mi vil eg sjå nærare på kva teknologi, og då særleg den digitale teknologien, som ligg til grunn for dagens spelefilmproduksjon. Ein snakkar gjerne om ein digital revolusjon, men kva er denne sett saman av? Og kva er skilnaden mellom analog og digitale filmproduksjon? Er det eit større paradigmeskifte me er vitne til, frå analog til digital film, eller er det berre mindre justeringar? Kva resultat kan me venta oss av dette? Påverkar det digitale forma og måten spelefilmar vert produsert på?