Vis enkel innførsel

dc.contributor.advisorMolander, Bengt
dc.contributor.advisorArnesen, Anne Lise
dc.contributor.authorÆsøy, Knut Ove
dc.date.accessioned2017-02-17T08:30:35Z
dc.date.available2017-02-17T08:30:35Z
dc.date.issued2017
dc.identifier.isbn978-82-326-2069-2
dc.identifier.issn1503-8181
dc.identifier.urihttp://hdl.handle.net/11250/2431150
dc.description.abstractSamandrag av doktoravhandlinga Kva for tenking er det som gjer at lang erfaring ikkje lenger synest å gje like stor autoritet i yrkessamanheng som tidlegare? Kvifor må allmennlæraren kjempe for sin realkompetanse? Er vitenskapleggjeringa av profesjonane ein trussel for deira eigenarta yrkesutøving? Kva er oppfatta som hensikta med lærar og sjukepleiaryrket i dag? Dette doktorgradsprosjektet undersøker måtar det blir tenkt på i grunnleggande litteratur for grunnskulelærar- og sjukepleiarutdanningane. Eg tar for meg kva for røyndoms- og kunnskapssyn som blir overført til studentane som skal forvalte desse viktige samfunnsinstitusjonane, og korleis lærebøker forsøker å tilfredstille krava om å gjere grunnskulelærar og sjukepleiarutdanninga forskingsbasert. Det handlar om fundamentale vegval som blir gjort i dei respektive utdanningane for å gje studentane eit best mogleg grunnlag for å utøve yrket. I litteraturen for grunnskulelærarutdanninga finn eg eit dominerande tankemønster. Den overordna hensikta med yrket er å forbetre elevane si evne til å lære. Dette formålet står i samanheng med ei røyndomsfortelling som legg vekt på utvikling frå fortidast enkle, statiske, homogene industrisamfunn, og over til dagens komplekse, dynamiske, fleirkulturelle (heterogene) kunnskapssamfunn. Det er forventa at vitskapleg arbeid skaper utvikling og kunnskap for at elevane skal forbetre si evne til å lære. Vitskap er oppfatta som situasjonsbestemt, der kunnskapen er sosial (eller personleg) konstruert. For å konstruere denne typen kunnskap må kvar enkelt lærar bli forskar i eige klasserom. Samfunnsvitskapleg innsamling av data for å kartlegge og forklare klasserommet synest å få hegemoni for den vitskaplege verksemda. Oppfatninga er at vitskapleg arbeid er det som gjev tilgjengeleg kunnskap. Dette er presentert som ei motsetning til erfaringar og den eigenarta kunnskapen læraren viser i praksis. I litteraturen for sjukepleiarutdanninga er der påstandar, argumentasjon og hensikter som tydar på to ulike tankemønster, med to ulike formål. Det eine formålet er opptatt av å resultatstyre sjukepleiepraksisen, medan det andre formålet oppfattar sjukepleia som resultatlaus omsorg. Litteraturen for sjukepleiarutdanninga er meir opptatt av mennesket og menneskelege behov enn av samfunnsskildringar, og antyder at samfunnsforholda er negative for individet sitt høve til å ha ei god helse. Vitskapssynet er dominert av den resultatstyrte tenkinga. Sjukepleiarane skal lese forsking som har komme med konkrete teoriar som er nyttige for å forbetre praksis. Her er det eit hierarki av empiriske metodar som dominerer. Den beste vitskaplege metoden er den som kan påvise effekt av pleie for den einskilde pasient. Vitskaplege resultat er på denne måten med på å standardisere sjukepleiarpraksisen. Det resultatstyrte formålet går saman med ei sterk tru på vitskapen og at pleia skal vere styrt av faste prosedyrar. I motsetning vektlegg den resultatlause omsorga den allmenne kunnskapen som sjukepleiaren viser gjennom det som faktisk blir gjort i møte med pasientane, og som er utvikla på bakgrunn av den erfaringa sjukepleiaren har. Det kan synest som om tenkinga som vektlegg resultat held på å vinne hegemoni på bekostning av tanken om ei resultatlaus omsorgspleie. Vektlegginga av å forskingsbasere utdanninga synest å samle måten det blir tenkt på mellom dei to profesjonsutdanningane. Arbeidet med å vitskapleggjere innhaldet i utdanninga går på bekostning av den praktiske, eigenarta, profesjonsrelatert kunnskapen som viser seg i praksis. Måten litteraturen grunngjev og organiserer sine påstandar og kva for retning som blir peika ut, kan spegle dei haldningar og spørsmål som nye generasjonar med lærarar og sjukepleiarar vektlegg i sin yrkesutøving. Spørsmålet er om dette er rette vegen å gå, eller om det kan vere alternative vegar som bør få større plass i utdanningane for å utdanne gode yrkesutøvarar?nb_NO
dc.description.abstractSummary of the doctoral thesis What is it, that makes long experience to a less authority in a professional context than previously? Why do students feel that research and theory are emphasized at the expense of learning to work as a vocational practitioner? How do we educate students to be good to handle a profession? What is regarded by the textbooks as the main purpose of teacher and nurse profession? This PhD project examines basic textbooks, representing teacher- and nurse education, to give insight to such issues. I explore the worldview and understanding of knowledge, and how the textbooks do attempt to meet the requirement of a research-based education? These issues are fundamental crossroads which gives direction in each education, to give the students the best possible basis for their later practice. In the textbooks for the teacher education I find a dominant mindset, which presents the pupils' ability to learn as the overall purpose of the profession. This goal is connected with a worldview presenting a development from a simple, static, homogeneous industrial society, to a more complex, dynamic, heterogeneous knowledge-society. It is expected that research creates knowledge for the teacher, that should help pupils improve their ability to learn. Science is understood as situated, and knowledge is social or personal constructed. The consequence is that each individual teacher should become researcher in their classroom to construct this situated knowledge about their classroom and pupils. Social science has got the hegemony on the method to describe and explain this classroom-knowledge. Scientific knowledge is presented as accessible knowledge and opposite to experience and practical knowledge which is presented as weak and non-documented. Based on the textbooks for nurse education there are two different mindsets. The first one has a main purpose to bring results from nursing, whereas the other mindset, seeks a resultless care. The textbooks for nurse education is more concerned with humanity and human needs than descriptions of the society, and suggests that social structures may have negative effects for humans ability to have a good health. The understanding of science is dominated by the mindset of bringing results from nursing. The nurse should identify research that has detected effects, and which would be useful to improve the practice. This belief in evidence-based-best-practice presents a hierarchy of scientific methods, where the best scientific method is the one that empirical can demonstrate effects for nursing. Such scientific results help standardizing the nurse practice. This mindset shows a great belief in science and at the same time devaluate experiences and tacit knowledge. Unlike this mindset, the idea of resultless care emphasizes knowledge which the nurse shows in action, and which is developed on the basis of experience. Based on the idea of a research-based education, it may seem that the mindset of results are winning the hegemony at the expense of the idea of a resultless care. In general, the basic textbooks struggles to make the education research-based. In this work, practical knowledge is been devaluated. The distinct professional knowledge which is tacit, is being understood as not accessible and not part of the practitioners’ knowledge base. The way the textbooks organize claims, use of argumentation and what directions are being pointed out, can be transferred to new generations of teachers and nurses. The question is whether this is the right way to go, or whether there may be alternative roads which should be given more space to educate skilled professional performers?nb_NO
dc.language.isoengnb_NO
dc.publisherNTNUnb_NO
dc.relation.ispartofseriesDoctoral theses at NTNU;2017:16
dc.titleProfesjon og vitskap: Ein samanliknande studie av tankemønster i nyare grunnleggande litteratur for grunnskulelærar- og sjukepleiarutdanninganb_NO
dc.typeDoctoral thesisnb_NO
dc.subject.nsiVDP::Humanities: 000::Philosophical disciplines: 160nb_NO
dc.description.localcodeFulltext not availablenb_NO


Tilhørende fil(er)

Thumbnail

Denne innførselen finnes i følgende samling(er)

Vis enkel innførsel