Betre utnytting av distribusjonstransformatorane til Hafslund Nett gjennom tilstandsovervaking og teknisk-økonomiske analyser
Master thesis
Permanent lenke
http://hdl.handle.net/11250/2368108Utgivelsesdato
2015Metadata
Vis full innførselSamlinger
- Institutt for elkraftteknikk [2497]
Sammendrag
Hovudmålet for masteroppgåva var å sjå på tiltak for å betre utnyttinga av distribusjonstransformatorane til Hafslund Nett.
Ved innføringa av avanserte måle- og styringssystem (AMS) skal nytt kommunikasjonsutstyr installerast i nettstasjonar hjå Hafslund Nett. Dette utstyret kan brukast til å overvake tilstanden til distribusjonstransformatorane.
Toppoljetemperaturen er ein parameter som enkelt kan overvakast og loggast med utstyr som er tilgjengeleg på marknaden i dag. Ved hjelp av etablerte formlar for aldring av papirisolasjonen kan aldringsraten og konsumert levetid overvakast. Eit testprosjekt for temperaturovervaking på tre distribusjonstransformatorar blei satt i gang i forbindelse med masteroppgåva. Alt naudsynt utstyr er installert og logging av toppoljetemperatur har starta. På grunn av tidsforseinkingar blei ikkje måleresultat klare i tide for analyser i denne masteroppgåva.
Ved hjelp frå erfarne fagfolk i Hafslund Nett blei det utarbeida ei oversikt over svikttypar og konsekvensar for distribusjonstransformatorar. Statistikk frå transformatorlageret til Hafslund Nett blei gjennomgått. Statistikk frå registrering av årsakar bak transformatorhavari viser i at snitt havarerer 1,29 % av transformatorane med merkeyting til og med 200 kVA kvart år på grunn av lyn. Registra gir ikkje tilstrekkeleg informasjon for å hente ut statistikk for andre skadetypar.
Ei heilskapleg vurdering av tilstanden til ein distribusjonstransformator kan brukast for å finne årleg sannsyn for svikt. Eit rekneverktøy utvikla av Sintef Energi er brukt i denne rapporten. Sannsynet for svikt er den viktigaste delen av vurderinga for transformatorskift.Ein modell for teknisk-økonomisk analyse for transformatorskift blei utvikla og testa på tilfellestudie av tre distribusjonstransformatorar. Modellen samanliknar ulike alternativ for transformatorskift ut frå følgjande utrekningar:
- Kostnader for planlagt transformatorskift- Innsparing ved ei eventuell utsetjing av transformatorskiftet- Forventa sviktkostnader- Tapskostnader
Temperaturovervaking gjennom AMS og ei grundigare kartlegging av vanlege skade- og svikttypar vil gi betre oversikt over tilstanden til distribusjonstransformatorane til Hafslund Nett. Ei heilskapleg vurdering av tilstanden ein distribusjonstransformator er sentral i ei teknisk-økonomiske analyse for transformatorskift. Teknisk-økonomiske analyser for transformatorskift vil auka lønsamheita og betre utnyttinga av distribusjonstransformatorane til Hafslund Nett