Show simple item record

dc.contributor.authorVingen, Anita
dc.date.accessioned2015-10-30T08:35:28Z
dc.date.available2015-10-30T08:35:28Z
dc.date.issued2015
dc.identifier.urihttp://hdl.handle.net/11250/2358636
dc.description.abstractI denne oppgåva undersøker eg forhold rundt produksjonsvekst av småskalapro-duserte matspesialitetar, med utgangspunktet i ein situasjon med aukande etter-spørsel. Eg ser på korleis slike produkt vert gjort robuste med tanke på smak og mattrygghet, og korleis produsentane bygger opp og presenterer produkta sine ved å skape fortellingar og merkevarer. Det er mykje tradisjon og historie knytt til mat- og drikkespesialitetar som ost, handverksøl, røykt fisk og spekemat. Interessa har dei seinare åra auka for både konsum og produksjon av slike produkt. Dette kom tydeleg til uttrykk gjennom ny omsettingsrekord for denne typen mat i 2014, og er synleg også ved ventelister for populære spesialitetar. For dei mest ettertrakta varene er det eit gap mellom tilbod og etterspørsel, der det tilsynelatande skulle vere rom for utvida produk-sjon. Samtidig vert dei mindre produsentane utfordra av industrielle aktørar, som også gjerne vil presentere sine produkt som «gardsmat». Oppgåva er basert på ulike kjelder og tilnærmingar. Eg har gjort intervju hos seks bedrifter som lager ulike matspesialitetar, og har sett på aspekt som råvaresitua-sjonen og produksjonen, mattrygghet, kvalitetssikring og profilering. Oppgåva er i hovudsak bygd rundt desse, men eg har også informantar frå Mattilsynet og Oi! Trøndersk mat og drikke as, som gir andre perspektiv, særleg med tanke på mat-trygghet og profilering. I tillegg har eg brukt andre kjelder som forskingsartiklar, avisartiklar, nettpresentasjonar, regelverk og offentleg dokumentasjon. Arbeidet er ein script-studie, med undersøking og drøftig av «programmet» pro-dusenten etablerer i objektet for å fremme si målsetting. I min samanheng ser eg da på korleis aktørane på ulike vis framstiller seg og sine produkt, materielt og immaterielt, og kva mekanismar som framstår som viktige. Gjennom oppgåva vi-ser det seg at aktørar med tilsynelatande like utgangspunkt kan ha ulike praksisar, ulike vurderingar og ulike script. Det er fordelar og utfordringar knytt til å vere småskalaaktør, og også utfordingar knytt til å vekse. Sjølv om etterspørselen etter småskalaproduserte varer er stor, er det ikkje utan vidare sikkert at mindre bedrifter som produserer mat- og drikkespesialitetar vil skalere opp produksjonsvolumet.nb_NO
dc.language.isonnonb_NO
dc.publisherNTNUnb_NO
dc.titleSmått er godt : utfordringar og moglegheiter i midtnorsk småskalamatproduksjonnb_NO
dc.typeMaster thesisnb_NO
dc.subject.nsiVDP::Humanities: 000nb_NO


Files in this item

Thumbnail

This item appears in the following Collection(s)

Show simple item record