Vis enkel innførsel

dc.contributor.advisorGeiker, Mette Rica
dc.contributor.advisorHagelia, Per
dc.contributor.authorFjose, Arnhild
dc.date.created2015-03-27
dc.date.issued2015
dc.identifierntnudaim:12321
dc.identifier.urihttp://hdl.handle.net/11250/2351423
dc.description.abstractHopstunnelen og Nesttuntunnelen på E39 like sør for Bergen sentrum, er 2 tunnelar som opna for trafikk i 2002. Tunnelane er landtunnelar med to-vegs trafikk i 1 løp. Dei går gjennom berg av gneis og skifer og er kledd med vass- og frostsikring av brannsikra PE-skum i hengen og veggelement av betong. Berget er sikra med boltar og gjennomsnittleg 5-6cm sprøytebetong. Sprøytebetongen nytta som bergsikring er undersøkt for eventuell nedbryting. Tradisjonelle betongtestar som testing av trykkstyrke, fibertelling, karbonatisering og porøsitet er føretatt. I tillegg er mikroskopering både av overflatematerialet og tynnslip, samt røntgen av overflatematerialet utført. Det er også gjennomført ikkje-destruktive metodar som uttak av vassprøvar, pH-testing og måling av relativ luftfuktigheit i og ved lokalitetane. Resultata frå Nesttuntunnelen og Hopstunnelen er samanlikna med resultat av tilstandskartlegging frå andre rapportar og doktorgrad, utført på oppdrag for Statens vegvesen. Det er også gjort vurderingar i forhold til gjeldande standardar og handbøker med tanke på sprøytebetong. Her er påpeika manglande «regelverk» i høve til betong som vert påverka av rennande vatn samt påverknad ved fordamping og kondensering av vatn. Resultatet av prøvane viser at sprøytebetongen generelt er i god stand i tunnelane. I lokaliteten i Nesttuntunnelen er betongen utsett for karbonatisering. Dette går i størrelsesorden 0,2-3mm inn i sprøytebetongen. Dette er ikkje vurdert som kritisk for levetida og det ventast at 100 års levetid kan nåast. I Hopstunnelen er det undersøkt to lokalitetar. Det er funne mikroorganismar i eine lokaliteten og mistanke om at det også kan finnast i den andre. Ut frå detektering og bileter frå scanning elektron mikroskop er det truleg snakk om Leptothrix Ochracea, ein autotrof bakterie som lever på jern frå betongen og karbon frå lufta. Bakterien produserar syre som kan påverke betongen. Konsentrasjonen av syre i vassprøven frå lokaliteten er så låg at påverknaden på betongen er liten. Mikroskopering av tynnslip syner at påverknaden går ca. 1 mm inn i betongen. Dette tyder på at betongen mest truleg vil kunne oppnå ei levetid på 100 år. Dette er dog noko usikkert, utfrå usikkerheita med kva som vil skje vidare med bakteriane. Det er også føreteke nokre vurderingar om det er tiltak som kunne vore gjort i byggefasen for å hindre nedbrytingsmekanismane som er til stades. Resultatet er kontroll med akseleratordosering for å lage ein minst mogleg porøs betong. Vurderingar rundt forlenging av levetid er kome fram til at det mest truleg ikkje er nødvendig å gjere noko meir enn å fylgje med på utviklinga i tunnelane.
dc.languagenob
dc.publisherNTNU
dc.subjectErfaringsbasert masterprogram i veg og jernbane, Veg
dc.titleNedbryting av sprøytebetong i E39 Hopstunnelen og Nesttuntunnelen
dc.typeMaster thesis
dc.source.pagenumber244


Tilhørende fil(er)

Thumbnail
Thumbnail

Denne innførselen finnes i følgende samling(er)

Vis enkel innførsel