Vis enkel innførsel

dc.contributor.advisorStene, Jørnnb_NO
dc.contributor.advisorGrønhaug, Roarnb_NO
dc.contributor.authorSmedegård, Olenb_NO
dc.date.accessioned2014-12-19T11:48:25Z
dc.date.available2014-12-19T11:48:25Z
dc.date.created2012-06-21nb_NO
dc.date.issued2012nb_NO
dc.identifier536462nb_NO
dc.identifierntnudaim:6949nb_NO
dc.identifier.urihttp://hdl.handle.net/11250/234643
dc.description.abstractGenereltI arbeidet mot redusert utslepp av klimagassar må norske bygg i aukande grad varmeforsy-nast av fornybar varme. Den mest komplette løysinga for denne oppgåva i dag er vassboren varme, der marknadspotensialet er stort. Med stadig betring av byggjestandard må dei vassborne løysningane tilpassast behovet i større grad enn idag. Då anleggskostnaden er definert som hovudbarriere mot auka omfang av vassboren varme i norske bygg i dag må desse ned. StatusEtter undersøkinga av dei tekniske varmeløysingane i eit utval moderne kontorbygg i dag, har eg sett at vassborne varmeanlegg for romoppvarming i dag ikkje ber preg av tekniske nyvinningar innan løysingane. Det har likevel vore ei tilpassing frå den tradisjonelle løysinga me kjenner frå 90-talet til dagens praksis, som blir oppfatta som einskapleg. Frå den tradi-sjonelle løysinga har utviklinga gått mot ei tilpassing til byggjestandarden gjennom re-dusert omfang. Løysingane har likevel ein veg igjen før heile potensialet i passivhus er utnytta. Spesielt utmerkar det stadig minkande behovet for kaldrassikring og eit auka fokus på innreiingsfleksibilitet å markere eit potensiale for vidare utvikling. Me har også sett ut frå undersøkinga at omfanget av overdimensjonering av varmeanlegg i passivhus ikkje er utbredt i dag. Generelt så ser ein at utviklinga av vassborne varmeanlegg fyljer byggestandarden, om så med ei tidsforsinking.KostnadsanalyseKostnader i vassborne varmeanlegg representerar eit fleirdimensjonalt optimaliseringsproblem som dannar eit svært samansatt bilete. Ein har sett at vegen mot rimelig vassboren varme krev fokus frå alle ledd og at det ikkje finnes nokon snarveg. Gjennom ein omfattande teknisk analyse av anleggskostnadane i kontorbygg har me sett at potensialet er stort, der ein ikkje treng å endre ein heil bransje for å oppnå resultat. Potensiala for reduksjon i anleggskostnad er identifisert gjennom eit oppretta eksempelbygg, og går på tvers av avgjersler som er knytt til dei ulike byggjefasane. Det er i forkant av analysen gjennomført ei kartlegging av metode for kostnadskalkulasjon som blir nytta blant røyrentreprenørane, samt ei gjennomgang av sentrale grunnparameter som sikrar kvaliteten på varmeanlegget. Ilag med undersøkinga for "Dagens status" blant moderne kontorbygg, har dette danna grunnlaget for analysen. Gjennom analysen er det nokre punkt som har merkt seg ut: Fokus på konseptetBetydinga av konseptet står fram som det viktigaste tiltaket for redusert anleggskostnad. Å tilpasse konseptet til brukarens behov vil gje store innsparingar i investeringskostnad. Ein har observert ei potensiell kostnadsreduksjon på omlag 40 % frå den definerte "Dagens løysing" til "Forenkla løysing" på same energiramme og temperaturnivå, og utan at andre kostnadsreduserande tiltak er satt i verk. Løysinga som blir nytta i dagens moderne bygg oppfattast som unødig omfangsrik. TemperaturnivåEin har sett at ved å velje lågtemperaturanlegg kan ein oppnå innsparingar i kombinasjon med for eksempel varmepumpe. I tillegg kan ein, ved å vere bevisst på trasèval for dei tekniske føringsvegane og utnytte bygningens termiske eigenskapar, utelukke ein heil kostnadspost; isolasjonen. Avhengig av konseptet kan dette gje store innsparingar, til ei lita auke i internlast, estimert til omlag 1 W/m2 i gjennomsnitt over året. VarmeavgjevaraneVed å tilpasse anlegget til brukarens behov og byggjestandard kan også varmeavgjevarane utgjere eit potensiale for kostnadsreduksjon mot tradisjonelle radiatoranlegg. Eit av tiltaka er å nytte golvvarme på eit avgrensa areal, i bygningar med høg byggjestandard og lang tidskonstant. Ein kan ved å utnytte det låge effektbehovet ved høg byggjestandard redusere leggjearealet til 1/3 og dermed redusere golvvarmekostnaden med omlag 60 %. Innreiingsfleksibilitet er kostbart og må behandlast deretter, noko som ikkje blir gjort.Dimensjonerande utetemperatur og effektMed ein stadig betring av byggjestandard, og aukande tidskonstant, framstår dagens dimensjonerande utetemperatur som lite hensiktsmessig og gamaldags. Med å tilpasse denne til reelle forhold, dvs statistisk klimadata og bygningens termiske eigenskapar kan ein eksempelvis redusere anleggsets varmeeffekt med 25 %, etter svensk metode. Dette er eit tiltak som berre har positive konsekvensar. Varmeanlegget og varmesentral blir dimensjonert etter eit behov som ligg nærare det verkelege behovet, noko som også betrar varmepumpas driftsvilkår. AkkordtariffenI bransjen i dag har me sett at Akkordtariffen for røyrleggjarfaget er svært sentral for var-meanleggas kostnad. Denne framstår i dag som det viktigaste kalkulasjonsverktøyet blant røyrentreprenørane. På tross av at dette er eit dynamisk dokument som blir revidert med jamne mellomrom, blir denne oppfatta som ein brems i utviklinga mot rimelig vassboren varme. I ein marknad der utviklinga er stor, både mot nye rasjonelle leggjemetodar og effektive oppheng- og samanføyingsmetodar, kjem ikkje dette marknaden tilgode. Ein har sett at ei justering av akkordtariffen ved bruk av rasjonell leggjemetode kan bidra betydelig her, noko som i andre omgang kan auke marknadsandelen til vassboren varme, og dermed auka fornybar varmeleveranse. Ei omarbeiding av metode for teknisk revidering og oppbygnad av akkordtariffen framstår med andre ord som eit gunstig tiltak for å auke røyrentreprenørane andel i varmemarknaden. ProduktivitetMe har sett betydinga av å nytte korrekt kalkulasjonsfaktor, og kva forhold som påverkar denne. Denne kan påverkast på mange måtar: Redusert ventetid og dødtid. Auka fokus på produktivitet gjennom nye produksjonskonsept som Trimma bygging, vil kunne redusere ventetid og dødtid, og ved korrekt berekning av kalkulasjonsfaktor kan dette bidra mykje på anleggskostnaden. Dette vil i ikkje auke belastninga på den enkelte på byggjeplass, men vil auke oversikta på arbeidssituasjonen og redusere faren for uføresette tillegg. Bevisstgjering hjå røyrentreprenør. Ettersom kalkulasjonsfaktoren ofte vert grovt estimert, eller fastsett ved samanlikning av andre aktørar, kan ei bevisst-gjering/oppfrisking av oppbygnaden, til røyrentreprenørar, vere av betyding. Dette gjeld småe og mellomstore bedrifter, og vil dermed påverke anleggskostnad til varmeanlegga i småe og middels store yrkesbygg. Redusert sjukefråvær. Gjennom auka trivsel og fokus på den enkeltes arbeidssituasjon vil dette påverke direkte anleggskostnad gjennom reduserte administrative kostnader. Dette kan for eksempel gjerast ved å fokusere på kompetanse blant dei ansatte og bidra til gode arbeidsholdningar og auka yrkesstoltheit. Gjennom desse tiltaka vil ein etter mine vurderingar kunne bidra til å redusere anleggskostnaden frå "Dagens løysing", i dagens bygg med dagens krav, frå ein berekna kostnad på ca. 400 kr/m2, med 60 % til omlag 150 kr/m2. Dette for løysing tilsvarande den definerte "Forenkla løysing", i tungt kontorbygg av passivhus-standard, med tilpassa løysing til kontorlandskap utan krav til innreiingsfleksibilitet. Med å tilpasse det vassborne anlegget til bygget og brukarens krav, vil ein då på kort sikt kunne auke omfanget av vassborne varmeanlegg som igjen vil kunne bidra til å auke den miljøvennlege varmeleveranse til norske yrkesbygg.nb_NO
dc.languagenornb_NO
dc.publisherInstitutt for energi- og prosessteknikknb_NO
dc.subjectntnudaim:6949no_NO
dc.subjectMTPROD produktutvikling og produksjonno_NO
dc.subjectEnergiforsyning og klimatisering av bygningerno_NO
dc.titleAnalyse av forenkla vassborne varmedistribusjonssystem for større bygningarnb_NO
dc.title.alternativeAnalysis of Simplified Hydronic Heat Distribution Systems for Non-Residential Buildingsnb_NO
dc.typeMaster thesisnb_NO
dc.source.pagenumber147nb_NO
dc.contributor.departmentNorges teknisk-naturvitenskapelige universitet, Fakultet for ingeniørvitenskap og teknologi, Institutt for energi- og prosessteknikknb_NO


Tilhørende fil(er)

Thumbnail
Thumbnail

Denne innførselen finnes i følgende samling(er)

Vis enkel innførsel