Vis enkel innførsel

dc.contributor.authorKittang, Dagnb_NO
dc.date.accessioned2014-12-19T11:23:09Z
dc.date.available2014-12-19T11:23:09Z
dc.date.created2007-10-18nb_NO
dc.date.issued2006nb_NO
dc.identifier122797nb_NO
dc.identifier.urihttp://hdl.handle.net/11250/231075
dc.description.abstractUt frå materielle og økonomiske føresetnader har Noreg ei eineståande samling av vakre trebyar som er blant landets viktigaste bidrag til verdas arkitekturarv. Frå å vere prega av omfattande forfall og trua av radikale byfornyingsplanar, står desse trebyane i dag fram som attraktive bustad- og byområde som vi ønskjer å verne som ein del av vår kulturarv, men også som "levande" byar som må tilpasse seg endringar i samfunnsgitte rammevilkår. Denne motsetninga mellom ønsket om vern og behovet for endring har ført til eit skarpt ordskifte i mange av våre historiske trebyar. I dette arbeidet studerer eg dette spenningsfeltet mellom vern og fornying som eit uttrykk for kontroversar mellom ulike forståingsformer. Planleggingsfaget har grunnlag i ulike faglege tradisjonar som har utvikla ulike haldningar og meiningar om korleis ein by kan utviklast. Utvikling og endring av desse forståingsformene skjer innanfor og på tvers av ulike diskursar. Meiningar om byutvikling og byplanlegging er såleis bestemt av dei diskursane aktørane opererer innanfor, og korleis desse diskursane konstituerer byen. Desse forståingsformene kjem også til uttrykk i ulike arkitekturideal og byutviklingsteoriar som eg drøftar i lys av dette diskursperspektivet. Eg tar utgangspunkt i ein byplanteori som opererer med tre idéretningar som eg har kalla denne regularistiske, den rasjonalistiske og den kulturalistiske idéretninga. Den regularistiske prøver å tilpasse den eksisterande byen til nye produksjons- og forbruksforhold, og konstituerer byen hovudsakleg som ein næringsarena, medan den rasjonalistiske tar utgangspunkt i visjonar om ein ny bymodell basert på moderne produksjonsteknologi og med nye førestillingar om livet i byen. Den kulturalistiske modellen er opptatt av byen som kulturelt og sosialt miljø og konstituerer byen hovudsakleg som eit livsmiljø. Ved å ta føre meg den offentlege debatten om utviklinga av trebyen Trondheim i tidsrommet frå 1965 og fram til i dag, har eg prøvd å kaste lys over kvifor haldningar til fornying og vern av trebyen endra seg dramatisk i den første delen av denne tidsperioden. Eg har også studert kva slags haldningar vi i dag har til desse spørsmåla og korleis dei kjem til uttrykk i dagens byplandebatt og byutvikling. Gjennom denne studien påviser eg at dei konfliktane vi har vore vitne til i utviklinga av trehusmiljøa i Trondheim, er uttrykk for kontroversar mellom ulike arkitektur-og planleggingsdiskursar som gjennom intervensjonar prøver å etablere eit meiningshegemoni. Kva som har vore dei dominerande planleggingsideala, har til ei kvar tid vore bestemt av den diskursive kampen mellom desse forståingsformene. Dei rasjonalistiske og regularistiske planleggingsretningane dominerte ordskiftet i byrjinga av 1960-talet, men vart sterkt utfordra av kulturalistiske tankar gjennom 1970-åra. Gjennom ei sterk marknadsstyring av byutviklinga ser vi i dag at rasjonalistiske tankar på nytt er i ferd med å dominere byutviklingsdebatten med dei konsekvensane dette kan få for vern og utvikling av dei verdfulle trehusmiljøa i byen.nb_NO
dc.languagenornb_NO
dc.publisherFakultet for arkitektur og billedkunstnb_NO
dc.relation.ispartofseriesDoktoravhandlinger ved NTNU, 1503-8181; 2006:130nb_NO
dc.titleTrebyen Trondheim – forvitring og fornying. Ein studie av ein byplandiskursnb_NO
dc.typeDoctoral thesisnb_NO
dc.contributor.departmentNorges teknisk-naturvitenskapelige universitet, Fakultet for arkitektur og billedkunst, Institutt for byggekunst, historie og teknologinb_NO


Tilhørende fil(er)

Thumbnail

Denne innførselen finnes i følgende samling(er)

Vis enkel innførsel