Vis enkel innførsel

dc.contributor.authorBerg, Helen
dc.contributor.authorAlnes, Bjarte
dc.contributor.authorAlnes, Rigmor Einang
dc.date.accessioned2014-05-15T09:37:33Z
dc.date.available2014-05-15T09:37:33Z
dc.date.issued2014-05-15
dc.identifier.issn1892-705X
dc.identifier.urihttp://hdl.handle.net/11250/195056
dc.description.abstractProsjektet er eit del-prosjekt av det Midt-norske Velferdsteknologiprosjektet der hovudmålet er at brukarar og deira pårørande skal oppleve ein trygg kvardag gjennom bruk av individuelt tilpassa velferdsteknologiske løysningar. Føremålet med prosjektet var å samle erfaringar om sporing ved hjelp av Global Positioning System (gps) og om slik sporing kunne vere med å gje brukar og pårørande auka livskvalitet i form av meir tryggleik og fridom. Brukarane sin medverknad skulle være sentral i utviklinga av ein tildelingsmodell. Denne rapporten ønskjer å gje svar på: • Kva forventningar har brukarar, pårørande og helsepersonell til bruk av sporingsteknologi? • Kva erfaring har dei same aktørane etter at sporing har vorte prøvd ut? Intervensjonen bestod i å dele ut ei sporings-eining (SE) og å gje informasjon og opplæring til nære personar om bruk av gps i 5 kommunar på Sunnmøre. Rapporten bygger på data frå intervju av brukarar, pårørande og pleiarar før gps-sporing (N=23), og intervju av dei same personane (N=16) 6 månader etter at dei hadde erfaring med sporing. Undersøkinga syner at det kan vere vanskeleg å nå målgruppa personar med demens/personar med kognitivsvikt i ei fase i sjukdomen der dei har nytte av sporingsteknologi. Brukarar, pårørande og personalet i kommehelsetenesta ynskjer å ta i bruk lokaliseringsteknologi då dei meiner at dette kan gje auka fridom og tryggleik. 16 personar fekk tildelt ein SE. Etter 6 månader var det 5 personar som framleis nytta gps-sporing. Brukarane og pårørande erfarte at å bruke denne teknologien førte til meir tryggleik og fridom i kvardagen. At mange ikkje opplevde dette som ei tenleg løysing var knytt til funksjonaliteten til teknologien, både når det gjaldt batteri, alarmfunksjon og brukargrensesnittet. Organiseringa og oppfølging av eit slik teneste, krev retningslinjer og klare prosedyrar for handtering av sporingsteknologi.nb_NO
dc.language.isonnonb_NO
dc.relation.ispartofseries3/2014;Senter for omsorgsforskning, rapportserie
dc.subjectVDP::Teknologi: 500::Informasjons- og kommunikasjonsteknologi: 550::Telekommunikasjon: 552nb_NO
dc.subject700::Health sciences: 800::Community medicine, Social medicine: 801nb_NO
dc.subjectkognitiv sviktnb_NO
dc.subjectGPSnb_NO
dc.subjectsporingnb_NO
dc.subjectpårørendenb_NO
dc.titleSporing av personar med kognitiv svikt med hjelp av GPSnb_NO
dc.typeResearch reportnb_NO
dc.source.pagenumber40nb_NO


Tilhørende fil(er)

Thumbnail

Denne innførselen finnes i følgende samling(er)

Vis enkel innførsel