• norsk
    • English
  • English 
    • norsk
    • English
  • Login
View Item 
  •   Home
  • Fakultet for medisin og helsevitenskap (MH)
  • Institutt for helsevitenskap Gjøvik
  • View Item
  •   Home
  • Fakultet for medisin og helsevitenskap (MH)
  • Institutt for helsevitenskap Gjøvik
  • View Item
JavaScript is disabled for your browser. Some features of this site may not work without it.

Sporing av personar med kognitiv svikt med hjelp av GPS

Berg, Helen; Alnes, Bjarte; Alnes, Rigmor Einang
Research report
Thumbnail
View/Open
Main article (681.1Kb)
URI
http://hdl.handle.net/11250/195056
Date
2014-05-15
Metadata
Show full item record
Collections
  • Institutt for helsevitenskap Gjøvik [951]
Abstract
Prosjektet er eit del-prosjekt av det Midt-norske

Velferdsteknologiprosjektet der hovudmålet er

at brukarar og deira pårørande skal oppleve ein

trygg kvardag gjennom bruk av individuelt tilpassa

velferdsteknologiske løysningar.

Føremålet med prosjektet var å samle erfaringar

om sporing ved hjelp av Global Positioning System

(gps) og om slik sporing kunne vere med å gje brukar

og pårørande auka livskvalitet i form av meir tryggleik

og fridom. Brukarane sin medverknad skulle være

sentral i utviklinga av ein tildelingsmodell.

Denne rapporten ønskjer å gje svar på:

• Kva forventningar har brukarar, pårørande og

helsepersonell til bruk av sporingsteknologi?

• Kva erfaring har dei same aktørane etter at

sporing har vorte prøvd ut?

Intervensjonen bestod i å dele ut ei sporings-eining

(SE) og å gje informasjon og opplæring til nære

personar om bruk av gps i 5 kommunar på Sunnmøre.

Rapporten bygger på data frå intervju av brukarar,

pårørande og pleiarar før gps-sporing (N=23), og

intervju av dei same personane (N=16) 6 månader etter

at dei hadde erfaring med sporing.

Undersøkinga syner at det kan vere vanskeleg

å nå målgruppa personar med demens/personar

med kognitivsvikt i ei fase i sjukdomen der dei har

nytte av sporingsteknologi. Brukarar, pårørande og personalet i kommehelsetenesta ynskjer å ta i bruk

lokaliseringsteknologi då dei meiner at dette kan gje

auka fridom og tryggleik. 16 personar fekk tildelt ein SE.

Etter 6 månader var det 5 personar som framleis nytta

gps-sporing. Brukarane og pårørande erfarte at å bruke

denne teknologien førte til meir tryggleik og fridom i

kvardagen.

At mange ikkje opplevde dette som ei tenleg løysing

var knytt til funksjonaliteten til teknologien, både når

det gjaldt batteri, alarmfunksjon og brukargrensesnittet.

Organiseringa og oppfølging av eit slik teneste, krev

retningslinjer og klare prosedyrar for handtering av

sporingsteknologi.
Series
3/2014;Senter for omsorgsforskning, rapportserie

Contact Us | Send Feedback

Privacy policy
DSpace software copyright © 2002-2019  DuraSpace

Service from  Unit
 

 

Browse

ArchiveCommunities & CollectionsBy Issue DateAuthorsTitlesSubjectsDocument TypesJournalsThis CollectionBy Issue DateAuthorsTitlesSubjectsDocument TypesJournals

My Account

Login

Statistics

View Usage Statistics

Contact Us | Send Feedback

Privacy policy
DSpace software copyright © 2002-2019  DuraSpace

Service from  Unit