Vis enkel innførsel

dc.contributor.advisorBåtnes, Anna S.
dc.contributor.advisorMiljeteig, Cecilie
dc.contributor.advisorHatlebakk, Maja
dc.contributor.authorObrestad, Lisa
dc.date.accessioned2024-08-13T17:19:48Z
dc.date.available2024-08-13T17:19:48Z
dc.date.issued2024
dc.identifierno.ntnu:inspera:187576012:47693662
dc.identifier.urihttps://hdl.handle.net/11250/3146107
dc.description.abstractLakseoppdrett i Noreg har representert ei suksesshistorie med stor verdiskaping. Produksjonen har likevel stagnert dei siste åra på grunn av utfordringar med lus, i stor grad utfordringar med lakselus (Lepeophtheirus salmonis). Men det er og utfordringar knytt til den mindre kjente og studerte parasitten skottelus (Caligus elongatus). Særs i produksjonsområda PO10-PO13 kan skottelusa vere eit betydeleg problem. Skottelus er ein generalist som kan utnytte over hundre ulike vertsartar. På tross av sin høge forekost er skottelus ein mindre studert art, spesielt når det kjem til kartlegging av åtferd. Målet med denne oppgåva var å undersøka overlevingsevne og åtferdsresponsar på lysstimuli hjå begge kjønn av vaksne skottelus etter tap av vert. I tillegg ønska ein å estimera symje-, og søkkjehastigheita til vaksne skottelus. Trettifem skottelus av kvart kjønn vart manuelt fjerna frå atlantisk laks (Salmo salar), og individuelt overført til ein inkubator med kontinuerleg gjennomstrøyming av sjøvatn for overvaking av overlevingsevne. Skottelusa overlevde i snitt 18,0 (AF, vaksne ho-lus) og 16,8 (AM, vaksne hann-lus) dagar. Ein samanlikning av overlevingskurvene viste ingen signifikant skilnad i overleving mellom kjønna, men tendensen var at AF levde noko lengre. To eksperimentoppsett vart utvikla for å filme åtferdsresponsane til vaksne skottelus utsett for tolv ulike lysstimuli. Det eine oppsette baserte seg på å ankre fast (tjore) individa i ein tråd slik at ein sikra at dei ikkje festa seg til veggen av akvariet. Denne metoden viste seg å ikkje vere eigna til bruk på skottelus då dødelegheita var høg. Det andre oppsettet såg på fem til seks frittsymjande skottelus i ei vassøyle som vart utsett for dei ulike lysstimuliane med mørkeperiodar i mellom for kontroll. Videomaterialet vart analysert ved hjelp av SLEAP, eit djuplæringsrammeverk for sporing av fleire dyr samstundes. Gjennomsnittleg hastigheit og djupne i tillegg til estimat av maksimums- og søkkjehastigheit vart kalkulert basert på videoane av den frittsymjande lusa. Videomaterialet viste ingen åtferdsresponar på lys hjå vaksne skottelus. Skottelusa viste stor symjekapasitet og haldt seg for det meste i toppen av vasskolonna. Gjennomsnittleg symjehastigheit var på 1,14 cm/s (AF) og 0,98 cm/s (AM), estimert maksimums-hastigheit var 8 cm/s og søkkjehastigheita var 1,28 cm/s (AF) og 0,88 cm/s (AM). Funna i dette studiet indikerer at skottelus er ein robust generalistart av sjølus. Forventa overleving var lengre enn to veker, og frittsymjande individ var kapable til å symje i lengre periodar. Skottelus viste ingen åtferdsrespons på lys. På grunn av desse karakteristikkane er det viktig å vidare undersøka dei reinfiserande eigenskapane til skottelus. Arten har moglegheit til å verta svært talrik i sjøbaserte merdar, og kan potensielt utgjere ein trussel for både ville og kultiverte populasjonar av fisk.
dc.description.abstractSalmon farming in Norway has represented a success story with significant value creation. However, its recent growth has been impeded by sea lice infestations, particularly by the salmon louse (Lepeophtheirus salmonis). There are also challenges associated with the lesser-known and studied lice species Caligus elongatus. This parasite can be a significant problem, especially in production zones PO10-PO13. Caligus elongatus is a generalist parasite capable of infesting over a hundred different host species. Despite its prevalence, it remains understudied, particularly in terms of its behavior. This study aimed to enhance the understanding of C. elongatus behavior by examining adult lice survival post-host detachment, their response to light stimuli, and estimating their swimming and sinking speeds. 35 adult lice of each sex were removed from their laboratory host, Atlantic salmon (Salmo salar), using pincers and placed individually in a flow-through incubator system with filtered seawater to monitor survival daily. Adult females (AF) had a mean survival of 18,0 days (n=35) and adult males (AM) had a mean survival of 16,8 days (n=35). Kaplan-Meier survival analysis showed no significant sex-based differences, but a Cox-regression with the variable sex and mean experienced water temperature did show that one could expect the AF to survive longer than the AM. Two experimental setups were developed to film the behavioral responses of Caligus elongatus exposed to twelve different light stimuli. One setup involved tethering individuals with a thread to force them to remain in the center of an aquarium. However, this method proved unsuitable as it significantly reduced louse survival. The second setup used a 56 cm tall aquarium with five to six free-swimming individuals. They were exposed to twelve different light stimuli, interspersed with dark periods working as control. The experiment was filmed, and lice movement was analyzed using SLEAP, a deep-learning framework for multi-animal tracking. Average speed, depth, as well as estimates of maximum and sinking speeds, were calculated based on the video footage of free-swimming lice. The analysis did not show any behavioral response in C. elongatus to the light. The C. elongatus showed good swimming capacity and did for the most part stay in the top of the water column. The mean swimming speed was 1 cm/s, and the lice could experience a max speed of 8 cm/s. AF sank with a speed of 1,28 cm/s and AM sank with a speed of 0,88 cm/s. The findings of this study indicate that Caligus elongatus is a resilient generalist species of sea lice. The observed survival rate of adult C. elongatus exceeded two weeks, and individuals were capable of sustained swimming for extended periods. Furthermore, the species exhibited no behavioral response to light exposure. Given these characteristics, it is important to further investigate the reinfective properties of C. elongatus. This species has the potential to thrive in aquaculture environments and pose a threat to both wild and farmed fish populations.
dc.languagenno
dc.publisherNTNU
dc.titleOverlevingsevne og åtferdsresponsar på lysstimuli hjå vaksne skottelus (Caligus elongatus) etter tap av vert
dc.typeMaster thesis


Tilhørende fil(er)

Thumbnail

Denne innførselen finnes i følgende samling(er)

Vis enkel innførsel