Ei undersøking av likskapar og forskjellar i idealpartnarpreferansar i Big Five-personlegdom og sosial dominansorientering.
Abstract
Denne studien rettar søkjeljoset mot menneskjes partnarpreferansar, ved å undersøkje samanhengane mellom eigne og idealpartnars psykologiske kvalitetar. Studentar i ulike førelesingssalar ved NTNU Trondheim sine campus vart informerte om studien, samt inviterte til å delta. Dei som ynskte dette fekk tilgang til eit nettbasert spørjeskjema, ved å skanne ein QR-kode som vart synt på storskjerm i dei besøkte salane. Undersøkinga bestod av totalt 136 spurnader, der 120 av desse målte Big Five-personlegdom, medan dei resterande 16 tok føre seg politiske verdiar i tråd med sosial dominansorientering (SDO). Studiens deltakarar bestod av 437 (68.7%) kvinner og 191 (30%) menn, der 8 (1.3%) ikkje definerte seg som korkje kvinne eller mann. Vidare vart det utførd statistiske analyser av dataene, som blant synte tydelege tendensar til ønskje om likskapar i eigen og idealpartnars personlegdom og SDO. Personlegdomstrekket som skil seg ut er nevrotisisme, der lågare skårar ser ut til å vere ønskjelege. Likskap i eigen og idealpartnars SDO ser ut til å stå mest sentralt i valet av ein partnar, noko som vidare kan indikere viktigheita av fleire studiar av fenomenet i idealpartnarkontekst i framtida. Ein implikasjon ved studien er dermed mangel på komparative data knytt til nettopp dette, då andre demografiske forhold som potensielt kan syne andre tendensar ikkje identifiserast. Vidare kan dette svekkje denne studien sin generaliserbarheit. This research focuses on individuals’ partner preferences by exploring the correlations between personal psychological characteristics and such qualities in an theoretically ideal partner. Students across various lecture halls at the Norwegian University of Science and Technology’s campuses in Trondheim were informed about the study and invited to participate. Those who were interested were given access to an online questionnaire by scanning a QR code projected in the lecture halls. The survey consisted of a total of 136 questions, with 120 measuring the Big Five personality traits, and the remaining 16 evaluating political values aligned with Social Dominance Orientation (SDO). The total number of participants consisted of 437 (68.7%) females, 191 (30%) males, and 8 (1.3%) who did not as either. Statistical analysis of the data revealed significant tendencies towards a preference for similarity in the personality traits and SDO between oneself and one’s ideal partner. However, lower scores in neuroticism appeared to be desirable in a partner. Similarity in SDO seemed to play a pivotal role in partner selection, indicating the importance of further studies on this phenomenon within ideal partner contexts. A limitation of this study is the absence of comparative data on this specific aspect, as other demographic factors could potentially reveal different patterns that were not identified. This limitation may affect the generalizability of the findings in this particular study.