Tap av areal for sjøørret (Salmo trutta) i elver og bekkar i Ålesund kommune
Abstract
SamandragDenne bacheloroppgåva kvantifiserer tapet av anadromt elveareal, innsjøareal og elvestrekning i 29 vassdrag i Ålesund kommune. Dagens tilstand er samanlikna med «original» tilstand, som vil seie den opphavelege naturtilstanden til undersøkte vassdrag før menneskeskapte hindringar har gjort anadromt areal mindre. Eg går så langt tilbake i tid som lar seg påvise. Dette blir gjort gjennom feltarbeid, studie av flyfoto og samtalar med folk med lokalkunnskap. Hensikten med oppgåva er mellom anna å svare på hypotesene «Nedgang i sjøørretbestandane skuldast tap av anadromt areal» og «Tapt anadromt areal er tiltak i vassdrag som kan tilbakeførast». Eg prøver også å svare på korleis menneskeskapte hindringar påverkar gyte- og oppvekstområde til sjøørret, og kva som skal til for å bøte på dette.
Anadrom elvestrekning har blitt redusert med 39,6 %, anadromt elveareal med 11,9 % og anadromt innsjøareal med 0,5 % i dei 29 vassdraga. Sju av vassdraga har tapt 100 % av anadrom lengde. Totalt sett var det 86 menneskeskapte vandringshinder, og nesten ¾ av desse er kulvertar/røyrlegging. Mange bekkar med fysiske inngrep kan restaurerast, som å utbetre kulvertane, mens det er svært vanskeleg å restaurere fleire av bekkane som er fullstendig lagt i røyr. Vassdraget med størst restaureringspotensiale er Vågselva, som kan få tilbake 2650 meter med anadrom strekning ved å fjerne to vandringshinder. AbstractThis bachelor’s thesis quantifies the loss of anadromous river area, lake area and river strech in 29 watersheds in the Municipality of Ålesund. Current state has been compared to «original» state, which is the original state of nature of the investigated watersheds before man-made obstacles for migration shrunk anadromous areas. I have gone as far back in time which can be demonstrated. This is is being done through field work, study of aerial photos and conversations with people with local knowledge. The purpose of the thesis is to answer the hypothesis «Shrinking populations of sea trout is due to loss of anadromous area» and «Lost anadromous area can be restored». I also try to answer how man-made obstacles for migration affect areas for spawning and rearing used by sea trout, and how to fix them.
Anadromous river strech has been reduced by 39,6 %, anadromous river area by 11,9 % and anadromous lake area by 0,5 % in the 29 watersheds. Seven of the watersheds have lose 100 % of anadromous river strech. In total there were 86 man-made obstacles for migration, and almost ¾ of these are culverts. Many creeks with physical interventions can be restored, like improving migration possibilities past culverts, while it is very hard to restore several of the creeks which is underground in culverts for long streches. The watershed with the greatest possibility for restoration is Vågselva, which can get 2650 meter of anadromous river strech returned by removing to obstacles for migration.