Show simple item record

dc.contributor.advisorVilla, Mariann
dc.contributor.authorVigre, Janne Karine
dc.date.accessioned2022-09-27T17:22:06Z
dc.date.available2022-09-27T17:22:06Z
dc.date.issued2022
dc.identifierno.ntnu:inspera:104661660:24437912
dc.identifier.urihttps://hdl.handle.net/11250/3021956
dc.description.abstractTemaet for masteroppgåva mi er samfunnskunnskapsundervisning i introduksjonsprogrammet for flyktningar. Føremålet med studien er å bidra til auka kunnskap om korleis statleg bestemte krav i utdanning påverkar den faktiske undervisinga i klasserommet. Den overordna problemstillinga for oppgåva er: Kva kjenneteiknar undervisning i samfunnskunnskap i introduksjonsprogrammet? Datamaterialet mitt byggjer på ei etnografisk feltstudie og består av feltnotat frå seks undervisningsdagar i introduksjonsprogrammet, samt to djupneintervju med dei ansvarlege lærarane. Eg nyttar ei etnografisk tilnærming til introduksjonsprogrammet for å studera lærarane sine praksisar og erfaringar i møte med institusjonelle forhald. I oppgåva nyttar eg omgrepet accountability som teoretisk rammeverk, eit mykje omtala konsept innan utdanningsforsking. Særleg Biesta (2011), Charlton (2002) og Mausethagen (2013) sine fortolkingar av accountability i utdanning vert nytta til å utvida forståinga av kva som kjenneteiknar samfunnskunnskapsundervisninga. Funna i studien tyder på at denne undervisninga er prega av tidspress, detaljfokus, utfordringar med å leggja til rette for deltakarar med lite skulegang frå før, og lærarar som opplever at dei står i ein skvis. Den avsluttande fleirvalsprøva bidreg til å ta fokus bort frå diskusjonsoppgåver og fordrar eit detaljfokus i undervisninga. Læreplana ser ut til å vektleggja diskusjon i større grad, og lærarane opplever dermed å stå i eit dilemma mellom ulike statlege krav og eigne profesjonsfaglege vurderingar. Eit anna kjenneteikn er at lærarane verkar til å sjå annleis på samfunnskunnskapsundervisning og anna undervisning i introduksjonsprogrammet. Nokre av skilnadane som vert trekt fram i oppgåva er forma på undervisinga, tidsbruk, lovfesta rett til tolk og statleg utarbeidd læremiddel. På bakgrunn av funna argumenterer eg mellom anna for at myndigheitene bør lytte til både deltakarane og lærarane sine opplevingar av samfunnskunnskapskurset i introduksjonsprogrammet, og eg etterlyser meir forsking på samsvaret mellom læreplana i samfunnskunnskap og den avsluttande fleirvalsprøva.
dc.description.abstractThe theme for my master’s thesis is social studies teaching in the introductory program for refugees. The aim of the study is to contribute to increased knowledge about how state requirements, affect the actual teaching in the classroom. My research question is: What characterizes the teaching of social studies in the introductory program? My data material is based on an ethnographic field study and consists of field notes from six days in the introductory program, as well as two in-depth interviews with the teachers responsible. I use an ethnographic approach to the introductory program to study the teachers’ practices and experiences in the face of institutional conditions. In the thesis I use the term accountability as a theoretical framework, a widespread concept within educational research. Biesta (2011), Charlton (2002) and Mausethagen (2013)’s interpretations of accountability in education are in particular used to expand the understanding of what characterizes the social studies teaching. The findings in the study indicate that this teaching is characterized by time pressure, focus on detail, challenges in facilitating for low educated participants, and teachers who find themselves in a dilemma. The final multiple-choice test distracts the focus away from discussion assignments and requires a focus on details in the teaching. The curriculum seems to emphasize discussion to a greater extent, and the teachers thus experience a dilemma between different state requirements and their own professional assessments. Another characteristic is that the teachers seem to want to distinguish between social studies teaching and other teaching in the introductory program. Some of the differences that I highlight in the thesis are the style of teaching, time use, statutory right to an interpreter and state-prepared learning resources. Based on the findings, I argue, among other thing, that the authorities should listen to both participants and the teachers’ experiences of the social studies course in the introductory program, and I call for more research on the correspondence between the curriculum in social studies and the final multiple-choice test.
dc.languagenno
dc.publisherNTNU
dc.titleFylker, årstal og jordbruksareal: Ein etnografisk studie av samfunnskunnskapsundervisning i introduksjonsprogrammet for flyktningar
dc.typeMaster thesis


Files in this item

Thumbnail

This item appears in the following Collection(s)

Show simple item record