Normbrytande eller disiplinerte minoritetar?
Abstract
I dette masterprosjektet undersøkjer eg korleis minoritetsspråklege elevar og lærlingar opplev det å ha vald eit utradisjonelt yrkesfag. Gjennom eit kvalitativt og fenomenologisk forskingsdesigna har eg intervjua åtte minoritetsspråklege kvinner og menn som har tatt eit slikt val. Problemformuleringa som vert gjort greie for er:
Korleis opplev minoritetsspråklege elevar og lærlingar det å vere elev/lærling på det som i det norske samfunnet vert sett på som eit utradisjonelt yrkesfag for deira kjønn?
Det teoretiske rammeverket som legg til grunn for å svare på problemformuleringa er forskjellege perspektiv på kjønn, interseksjonalitet, disiplinering og motstand. Det består mellom anna av Beauvoir (2010) og West og Zimmerman (1987) sine skildringar av kjønn, samt Acker (1990, 2006) og Nielsen (2014, 2019) sine beskrivingar av ulikskapsproduserande regime i organisasjonar, slik som skulen. I tillegg vert Crenshaw (1989) og Collins (2015) sine perspektiv på interseksjonalitet nytta, samt omgrepa disiplinering og motstand frå Foucault (1999a, 1999b).
Gjennom arbeidet med masteroppgåva vert fleire sider ved det å vere minoritetsspråkleg elev på eit utradisjonelt yrkesfag for sitt kjønn kasta ljos over. Analysen består av fire hovudtema som beskriv korleis deltakarane sine opplevingar som minoritetar både når det kjem til kjønn, alder, språk, etnisitet og klasse: Deltakarane opplev at dei ikkje er på rett plass og at jenter og gutar, kvinner og menn er forskjellege, at dei sjølv er utanom stereotypien og dei kan sjåast på som normbrytande minoritetar. I desse opplevingane ligg det reaksjonar og sanksjonar frå andre, dei sjølve og det dei ser rundt seg. Samstundes som deltakarane ser på seg sjølv som unike, opplev dei å måtte tilpasse seg det kjønna yrkesfaget. Deltakarane kan seiast å vere normbrytande minoritetar, samstundes som dei òg kan vere ein del av samfunnet si disiplinering inn i nye kjønnsnormer for utdanning og arbeid.
Tema er både av sosiologisk og didaktisk relevans for min profesjon som lektor i samfunnsfag. Masterprosjektet kastar ljos over kjønn, språk, etnisitet og alder som ulikskapsproduserande kategoriar i utdannings- og arbeidslivet, samt likestillingsutfordringar i samfunnet. Oppgåva synleggjer òg korleis skulen som institusjon og samfunnet elles møter minoritetsspråklege elevar som har vald eit utradisjonelt yrkesfag for sitt kjønn. In this master thesis, I investigate how minority language pupils, and apprentices, experience having chosen an untraditional vocational education. Through a qualitative and phenomenological research design, I have interviewed eight minority language women and men who have made such a choice. The problem of inquiry that has been addressed is:
How do minority language students and apprentices experience to be a pupil/apprentice in what the Norwegian society looks upon as an untraditional vocation for their gender?
The theoretical framework that forms the basis for answering the problem of inquiry is perspectives on gender, intersectionality, discipline, and resistance. It consists, among others, of Beauvoir’s (2010), West and Zimmerman’s (1987), as well as Acker’s (1990, 2006) and Nielsen’s (2014, 2019) description of inequality-producing regimes in organizations, such as the school. In addition, Crenshaw’s (1989) and Collins’ (2015) perspectives on intersectionality, as well as the terms discipline and resistance as Foucault (1999a, 1999b) describes them.
Throughout working on this master thesis, several aspects of being a minority language student in a non-traditional vocational subject for their gender are shed light on. The analysis consists of four main themes that describe the participants experiences as minorities in terms of gender, age, language, ethnicity, and class. The participants experience that they are not in the right place and that girls and boys, women and men are different, that they are outside the stereotype, and they can be seen as norm-breaking minorities. In these experiences lay reactions and sanctions from others, themselves and what they see around them. At the same time as the participants see themselves as unique, they experience having to adapt to their gendered professions. The participants can both claim to be norm-breaking minorities, and at the same time they can also be part of society's discipline into new gender norms towards work and education.
The theme is both sociologically and didactically relevant to my profession as a lecturer in social studies. The thesis sheds light on gender, language, ethnicity, and age as inequality-producing categories in education and working life, as well as gender equality challenges in society. The thesis shows how the school as an institution and society meets minority language students who have chosen a non-traditional vocational subject for their gender.