Vis enkel innførsel

dc.contributor.advisorRundmo, Torbjørn
dc.contributor.authorHansen, Thea Helene
dc.date.accessioned2022-07-13T17:20:56Z
dc.date.available2022-07-13T17:20:56Z
dc.date.issued2022
dc.identifierno.ntnu:inspera:109732373:64853736
dc.identifier.urihttps://hdl.handle.net/11250/3005231
dc.description.abstractRurale og urbane miljø og skular skil kvarandre på mange måtar, dette kan føre til forskjellar mellom elevane som går på skular i dei respektive områda. Denne studien undersøkjer forskjellane og likskapane mellom elevar på vidaregåande i rurale og meir urbane område i Noreg. Formålet er todelt, hovudformålet er å sjå om det er skilnadar mellom dei to gruppene i meistringstru, trivsel og identifisering med skulen. I tillegg vert det utforska om det å bu i eit ruralt eller urbant område har noko å seie for variasjonen i meistringstru. Det diskuterast kva i rurale og urbane område og skular som kan føre til at forskjellane oppstår og korleis trivsel, meistringstru og identifisering påverkar elevane sin skulekvardag og skuleutfallet deira. Problemstillinga som vert utforska er følgjande: Kor store skilnadar er det mellom vidaregåandeelevar i rurale og urbane område innanfor trivsel, meistringstru og identifisering med skulen og i kva grad har det noko å seie for meistringstrua til elevane om dei bur i ruralt eller urbant område? Datamaterialet består av 1081 deltakarar, 326 elevar frå fire rurale skular og 755 elevar frå tre vidaregåande skular i eit meir urbant område. Dei deltok alle i ei fysisk spørjeundersøking. Dei rurale områda er mindre tettstadar med eit innbyggartal på 2500-7500 personar og ein vidaregåande skule i kvar tettstad. Dei urbane vidaregåandeskulane ligg i eller nært ein storby med over 200 000 innbyggjarar. Det vart kontrollert for kjønn, studieretning og foreldra si høgste utdanning i analysane. Resultata viste at det var statistisk klare skilnadar mellom dei to utvala. Skilnadane var størst i meistringstru (Self-Efficacy). Elevane på dei urbane skulane hadde større tru på eiga meistring både når det kom til akademisk meistring og generell meistring. Dei opplevde også skulen som meir meiningsfull enn dei rurale elevane. Elevane på dei meir rurale skulane hadde derimot noko høgare skuletrivsel og høgare forventningar til skulen enn kva elevane på dei urbane skulane hadde. Elevane viste lite forskjellar innanfor identifisering med skulen. Det var relativt stor skilnad i meistringstru mellom elevane på dei rurale og dei urbane skulane. Resultata viste at om elevane gjekk på ein rural eller ein urban skule hadde noko å seie for variasjonen i meistringstru. I tillegg hadde skulemeining og livstilfredsheit ein del å seie. Det vart funne signifikant positiv samanheng mellom skulemeining og meistringstru og livstilfredsheit og meistringstru. Meistringstru har vist klare samanhengar med prestasjon og er derfor sentralt å utforske i skulesamanheng. Moglege årsaker til skilnadane mellom elevar på skular i urbane og rurale område vert diskutert. Til dømes vert både regionale forhold som sentralitet og arbeidsmarknad, og skuleforhald som skulestorleik og lærarkompetanse drøfta som mogelege årsaker til forskjellane. Det vert diskutert korleis forskjellane mellom by og bygd kan føre til forskjellar i skuleforhald og korleis dette mogleg kan ha noko å seie for meistringstru, trivsel og identifisering med skulen. Vidare vert det også drøfta korleis meistringstru, trivsel og identifisering med skulen kan påverke skulekvardagen og skuleprestasjonen til elevane. Det vert anbefalt meir forsking på området som kontrollerer for sentralitet, skulestørrelse, klassestørrelse, lærarkompetanse og lærartettleik, og som ser på kva kvalitetar ved dei rurale og urbane områda og skulane som skapar forskjellane som er funne i denne studien. I tillegg vert det anbefalt analyser som ser på effekten av høg og låg grad av meistring, trivsel og identifisering når det kjem til skuleprestasjonen og skulekvardagen til elevane.
dc.description.abstractRural and urban communities differ in several ways, and this could lead to differences among the students on these two geographical areas. This study wants to explore if there are differences between high school students in Self-Efficacy, School Satisfaction, and Identification with School. Seven schools and 1081 students participated in the study. The results showed that there were significant differences between the two groups in Self-Efficacy, where the urban students scored significantly higher than the rural students in both Academic and General Self-Efficacy. There were also significant differences in School Satisfaction, School Expectations, Satisfaction with Life and School Meaningfulness. Somewhat unexpectedly there were no significant difference in Identification with School. Results showed that being a student at a rural or urban school significantly explained some of the variance in Self-Efficacy, in addition to School Meaningfulness and Satisfaction with Life. The study implies that differences among rural and urban students exist, continued work on what causes the differences is necessary.
dc.languagenno
dc.publisherNTNU
dc.titleMeistringstru, skuletrivsel og identifisering med skulen – kva skil vidaregåandeelevar i rurale og urbane område i Noreg?
dc.typeMaster thesis


Tilhørende fil(er)

Thumbnail

Denne innførselen finnes i følgende samling(er)

Vis enkel innførsel