Vis enkel innførsel

dc.contributor.advisorLaumann, Karin.
dc.contributor.authorSundnes, Kristina.
dc.date.accessioned2022-02-18T18:25:52Z
dc.date.available2022-02-18T18:25:52Z
dc.date.issued2021
dc.identifierno.ntnu:inspera:79688510:10004569
dc.identifier.urihttps://hdl.handle.net/11250/2980298
dc.descriptionFull text not available
dc.description.abstractLeiing er utvilsamt viktig for korleis ei organisasjonskrise utviklar seg. Likevel er leiingsimplikasjonane framleis uklare i kriseforskinga. Denne studien bidrar til desse kunnskapshola ved å undersøke korleis leiinga hos fire kunnskapsbedrifter fungerte under handteringa av utfordringane som koronapandemien medførte. Funna er baserte på ni djupneintervju. Dei ni informantane var alle ein del av beredskapsarbeidet som vart gjort i sine organisasjonar, der sju av dei var leiarar med varierte stillingstitlar og to var tilsette. Intervjua vart seinare analyserte ved bruk av tematisk analyse, som resulterte i seks hovudtema: beredskap, endring i oppgåver og struktur, endring i tilnærming til leiing, prioriteringar og fokus, endring i samarbeid og læring og trening. Resultata indikerer at alle bedriftene kom seg godt ut av omstillinga på grunn av ressursane dei har tilgjengelege som kunnskapsbedrifter, men funna viser også at det oppstod utfordringar som ikkje alle handterte like effektivt, særleg den hierarkiske organisasjonen. Det vart behov for delvis motstridande leiareigenskapar ved at det vart auka behov for tettare oppfølging og personalleiing, i tillegg til auka fokus på rutinar og drift. Studien argumenterer for at det trengst både operativ og strategisk, samt oppgåveorientert og relasjonsorientert leiing i eit kriseforløp, både samtidig og i ulike fasar. I tillegg blir det anbefalt å legge til rette for ei meir reliabel organisering gjennom delt leiarskap, oppmerksame relasjonar og samhandling på tvers, som vidare gjer organisasjonen meir robust når ei krise oppstår. Studien bidrar såleis med kunnskap om korleis kunnskapsbedrifter meir effektivt kan tilpasse seg usikkerheit og redusere skadeomfanget av ein trussel.
dc.description.abstractLeadership is undoubtably important for how an organizational crisis develops and its implications. Nevertheless, the leadership implications still remain unclear in the crisis research. This study contributes to the shortcomings in the literature by exploring how the leaders in four knowledge organizations dealt with the disruptions caused by the Covid-19 pandemic. The findings are based on nine in-depth interviews. The informants were part of the crisis preparedness management in their organization where seven of them were leaders of different job titles, while two were employees. The interviews were analyzed using thematic analysis which resulted in six main themes: preparedness, changes in tasks and structure, changes in approaches to leadership, priorities and focus, changes in cooperation, learning and training. The results indicate that all four organizations survived the changes thanks to their knowledge resources, however, they also experienced different challenges, especially the more hierarchical organization, which could have been more effectively handled. There was an increased need for individual follow-up and personnel management, in addition to an increased focus on routines and operations. The study supports a balanced need for both operative and strategic, as well as task- and relation-oriented leadership in dealing with a crisis, both simultaneously and at different stages. It is recommended to organize for reliability through shared leadership, mindful relations and cooperation across the organization which makes one more resilient when a crisis occurs. As such, this study contributes with knowledge on how to more effectively adapt in uncertainty and reducing the extent of damage when facing a threat.
dc.languagenno
dc.publisherNTNU
dc.titleOrganisasjonstilpassing og kriseleiing i kunnskapsbransjen Ein kvalitativ studie om leiing under koronapandemien i kunnskapsbedrifter
dc.typeMaster thesis


Tilhørende fil(er)

FilerStørrelseFormatVis

Denne innførselen finnes i følgende samling(er)

Vis enkel innførsel