Ein forskjell som gjer ein forskjell? Forteljingar om cannabisbruk
Doctoral thesis
Permanent lenke
http://hdl.handle.net/11250/283734Utgivelsesdato
2015Metadata
Vis full innførselSamlinger
Sammendrag
Denne avhandlinga bidreg til kunnskap om ei gruppe rusmiddelbrukarar og eit tema
som det har vore mindre fokus på i forskinga; sosialt integrerte cannabisbrukarar som
har redusert eller avslutta bruken av cannabis utan å vere i kontakt med
behandlingsapparatet. Gjennom fire artiklar utforskar eg dei sosiale og kulturelle
betydingane av cannabisbruk både for individa og i den norske konteksten. Analysane i
tre av artiklane byggjer på kvalitative intervju med 25 unge vaksne som har brukt
cannabis over fleire år, og som har trappa ned på bruken eller slutta. I den fjerde
artikkelen er datagrunnlaget utvida med 12 intervju med kvinnelege cannabisbrukarar
frå ein studie av Sveinung Sandberg og Willy Pedersen (2010).
Gjennom å undersøkje unge vaksne sine forteljingar om kva det inneber å bruke og å
slutte å bruke cannabis, ønskjer eg både å vise korleis forteljingar om cannabisbruk er
viktig for identitetsdanning og å seie noko om korleis cannabisbruk vert sett på i det
norske samfunnet. I avhandlinga vert identitet forstått som skapt gjennom
forteljingane vi fortel om oss sjølve og forholda våre til andre, og korleis andre møter
desse forteljingane. Forteljingane hjelper oss å skape samanheng mellom hendingane i
liva våre og å gjere oss sjølve forståelege – for oss sjølve og for andre. Også forteljingar
om eigen cannabisbruk er del av dette arbeidet, og i framstillinga bruker individa
kulturelt tilgjengelege forteljingar om cannabisbruk; mulige måtar å snakke om
cannabis på i den aktuelle konteksten.
Cannabisbruk er ein mangetydig og kompleks ressurs for identitetsarbeid. På den eine
sida er bruken knytt opp til ei forteljing om illegal rusbruk som risikofylt og kopla til
avhengigheit og marginalisering. På den andre sida er cannabisbruk kopla til eit
subkulturelt repertoar av forteljingar, der bruken symboliserer slike eigenskapar som
openheit, sjølvstende og at ein ikkje er konservativ og "satt".
Eit av dei viktige bidraga i avhandlinga er analysen av cannabisbruk som kopla til
maskulinitet. Vi argumenterer for at cannabisbruk er kopla til ei form for maskulinitet som idealiserer det å vere ung, fri og uavhengig, medan det å vere etablert, lydig og
konform vert sett ned på. Dette er ei mjukare, meir likestillingsorientert og ikkjekonkurranseprega
form for maskulinitet enn det som er skildra i andre ruskulturar, og
den kan lettare praktiserast av kvinner også. Likevel merker kvinnelege
cannabisbrukarar seg ut og vert spesielt synlege fordi cannabisbruk er koda som
maskulint og dermed vert oppfatta som atypisk handling for medlemmar av den
kvinnelege kjønnskategorien. Dette kan forklare kvifor kvinner i hovudsak gjorde meir
tradisjonelle feminitetar i sine forteljingar om cannabisbruk, ved å plassere seg i meir
perifere posisjonar i cannabisbrukande fellesskap og å gjere cannabisbruk mindre
sentralt i sjølvforteljingane enn det mange menn gjorde.
Eit anna viktig bidrag er identifiseringa av den sentrale forteljinga om cannabisbruk
som eit harmlaust og behageleg rusmiddel som kan brukast av dei aller fleste på
kontrollerte måtar, og analysen av kva for funksjon denne forteljinga har. Det å
uttrykkje at ein ønskjer å redusere eller avslutte bruken inneber eit brot med denne
forteljinga, og det kan også bli forstått som ein kritikk mot rusmidlet og andre sin bruk
av det. Det ligg såleis ei binding i denne forteljinga som kan gjere det vanskeleg å
snakke om å slutte og å faktisk slutte for dei som ønskjer det.
Samtidig viser studien at deltakarane har redusert cannabisbruken, sjølv om dei
framleis støttar forteljinga om cannabis som harmlaust og behageleg. Dette ser eg som
eit uttrykk for at endra praksis ikkje nødvendigvis inneber vesentlege endringar i
sjølvforteljingane. Deltakarane held fast på dei positivt ladde forteljingane om ikkjekonvensjonalitet
sjølv når dei (nesten) ikkje brukar lenger og går inn i meir tradisjonelle
livsstilsprosjekt med etablering av familie og fulltidsarbeid. Dette gjer dei ved å halde
fram med å bruke litt, eller halde muligheita opa for at dei kan kome til å bruke
cannabis igjen på eit seinare tidspunkt. Dette peikar også mot at fortolkande studiar
retta inn mot å forstå korleis forteljingar om rusmiddelbruk vert konstruert og kva for
funksjonar dei har er viktige for forståinga av avhengigheit og korleis ein jobbar med
rusproblematikk. Slike perspektiv bidreg til å leggje ut fleire nyansar enn det dei
biokjemiske og medisinske modellane kan tilby.
Består av
Paper 1: Dahl, Silje Louise; Heggen, Kåre. Negotiating Identities: Patterns of Self-presentations among Socially Integrated Cannabis Users. Young - Nordic Journal of Youth Research 2014 ;Volum 22.(4) s. 381-398 http://dx.doi.org/10.1177/1103308814548106 © 2014 SAGE Publications and YOUNG Editorial GroupPaper 2: Dahl, Silje Louise. Remaining a user while cutting down: The relationship between cannabis use and identity: The final published version - Drugs: education prevention and policy Volume 22, Issue 3, 2015 - http://dx.doi.org/10.3109/09687637.2014.920765 (c) 2014 Informa UK Ltd
Paper 3: Dahl, Silje Louise; Sandberg, Sveinung. Female cannabis users and new masculinities: the gendering of cannabis use. Sociology 2014 ;Volum 49.(4) s. 696-711 http://dx.doi.org/10.1177/0038038514547896 © The Author(s) 2014 Reprints and permissions: sagepub.co.uk/journals
Paper 4: Dahl, Silje Louise. Sensitive tema og hårsåre informantar som metodologiske utfordringar i kvalitativ forsking. Sosiologisk Tidsskrift 2012 ;Volum 20.(1) s. 7-26 Is not included due to copyright - available at http://www.idunn.no/ts/st/2012/01