Vis enkel innførsel

dc.contributor.authorSingsdal, Ingeborg
dc.date.accessioned2015-05-08T08:46:11Z
dc.date.available2015-05-08T08:46:11Z
dc.date.issued2014
dc.identifier.urihttp://hdl.handle.net/11250/283340
dc.description.abstractKvinnene i denne studia bur alle i ein tettstad som er bygd opp kring ei hjørnesteinsbedrift. Om dei i utgangspunktet har andre interesser og eigenskapar, ender mange likevel opp i bedrifta som gir dei ein enkel veg ut i arbeidslivet. Her tener dei godt på lik linje med mennene. Ei ekstra utfordring for desse kvinnene, er skiftordninga på ein mannsdominert arbeidsplass i kombinasjon med omsorgsarbeidet i heimen. Kvinnene si yrkesdeltaking i skiftarbeidet fungerer til ein viss grad som ein motivasjonsfaktor for at mannen i heimen skal bidra på lik linje med kvinna for at kvardagen skal gå opp. Ein kan snakke om eit samarbeid som må ta plass for at begge skal kunne vere i løna arbeid. Det er vanskeleg å klare å utfylle alle rollane kvinna har i samband med skiftarbeidet og privat, der ein har ein kvardag utan rutinar og arbeidstid utanom normal arbeidstid. Det opplevast utfordrande å fylle morsrolla på den måten ein vil samtidig som ein skal vere lønsarbeidar til dømes, der det oppstår ein interrollekonflikt mellom arbeid og familie (Greenhause & Beutell, 1985 syner til Kahn et al., 1964). Dette skapar eit press også når det gjeld tid. Tida ein har til overs etter alle plikter er unnagjort er knapp. Dette fører til eit avgrensa sosialt liv og fritid elles. Desse kvinnene går igjennom ein identitetsskapande prosess gjennom erfaringane dei gjer i lønsarbeidet og i heimen med ansvar og fordeling av arbeid med mannen. Dei går inn for å meistre og oppfylle rollene som er knytt til dei. Det å skulle oppfylle rollane ein innehar i samband med ein heiltidsjobb utanom normal arbeidstid er ein krevjande balansegang. Gode arbeidsvilkår og trivsel på arbeidsplassen gjer at dei likevel vel å vere trufaste til jobben. Samstundes vil gjerne kvinnene vere økonomisk uavhengige og ein fullverdige deltakarar i arbeidslivet. Eg bruker Kaul (1996) sin analysemodell for å finne ut korleis kvinnene utformar sin identitet og Giorgi sin fenomenologiske metode for å analysere datamaterialet.nb_NO
dc.language.isonnonb_NO
dc.publisherNTNUnb_NO
dc.titleMødrer i skiftarbeidnb_NO
dc.typeMaster thesisnb_NO
dc.subject.nsiVDP::Social science: 200::Psychology: 260nb_NO
dc.source.pagenumber65nb_NO


Tilhørende fil(er)

Thumbnail

Denne innførselen finnes i følgende samling(er)

Vis enkel innførsel