Prevalence of fractures among women in rural Nepal and association with diabetes
Abstract
BakgrunnOsteoporose og diabetes er sjukdommar med alarmerande høg prevalens over heile verda og er sjukdommar det fins både gode førebyggande tiltak og behandlingar mot. Det eksisterer lite data om prevalensen av osteoporose og osteoporotiske frakturar i Nepal. Ein nyleg studie frå Kathmandu som inkluderte 169 kvinner >50 år rapporterte om høg prevalens av osteoporose og osteopeni. Svært lite data eksisterer frå rurale delar av Nepal. Med tanke på den nokså ferske oppdaginga at osteoporose er ein hyppig komplikasjon av diabetes og at sør-asiatar er predisponerte for diabetes, spesielt diabetes type 2, er det rekna som naudsynt å adressere denne samanhengen også i Nepal.
MålMålet med denne studien var å estimere prevalensen av osteoporose og frakturar i den kvinnelege populasjonen i dei rurale delane av Kavre-distriktet i Nepal. I tillegg skulle studien sette lys på assosiasjon mellom osteoporose og diabetes og vurdere generelle risikofaktorar for osteoporose i populasjonen.
Metode og materialeStudien er ein tversnittstudie og er ein understudie av eit større prosjekt som undersøker ein kvinneleg populasjon i rurale Nepal. Inklusjonskriteria var gifte, ikkje-gravide kvinner >15 år frå Kavre-distriktet. Kroppsmålingar vart gjennomført, blodprøver vart tekne og eit omfattande spørreskjema vart fylt ut av deltakarane. Osteoporose vart definert av å ha opplevd minst éin fraktur og/eller vere mottakar av medisin mot osteoporose. HbA1c over eller lik 6.5% og 5.7-6.4% vart nytta til å diagnostisere respektivt diabetes og prediabetes. Vitamin D-mangel vart definert som 25(OH)-D-nivå <50 nmol/L og insuffisiens <75 nmol/L.
ResultatTotalt vart 769 kvinner inkludert i studien med ein gjennomsnittsalder på 48.5 år. Prevalensen av osteoporose var 10.5% og kvinnene med osteoporose hadde ein gjennomsnittleg alder på 52.9 år. Tidlegare fraktur vart rapportert av 4%. Til saman 46.4% var postmenopausale, og 13.6% av desse hadde osteoporose. Prevalensen av diabetes og prediabetes var respektivt 4.4% og 38.2%. Blant kvinnene med diabetes hadde 15.2% også osteoporose, medan 10.5% av kvinnene utan diabetes hadde osteoporose. Blant kvinnene med hyperglykemi (HbA1c over eller lik 5.7%) var 14.6% osteoporotiske, medan 8.3% av kvinnene med normoglykemi var osteoporotiske. Gjennomsnittleg HbA1c var noko høgare blant kvinnene med osteoporose samanlikna med dei utan osteoporose (5.76% mot 5.55%). Gjennomsnittleg HbA1c var noko høgare blant kvinnene med osteoporose samanlikna med dei utan osteoporose (5.76% mot 5.55%). Gjennomsnittleg HbA1c var betydeleg høgare blant kvinnene med både diabetes og osteoporose samanlikna med kvinnene med diabetes, men utan osteoporose (8.73% mot 7.65%). Ein signifikant korrelasjon mellom hyperglykemi og osteoporose vart funnen (rs=0.1, p=0.006). Hyperglykemi vart identifisert som ein sterk prediktor for osteoporose (OR=1.9, p=0.015). Menopause var også ein signifikant risikofaktor og viste sterk prediksjon for osteoporose (OR=2.1, p=0.006 når korrigert for diabetes, OR=1.8, p=0.032 når korrigert for hyperglykemi).
KonklusjonI denne store studien observerte vi ein prevalens av frakturar på 4.4%. Då kvinner som rapporterte å bruke medikament mot osteoporose vart inkludert, auka prevalensen til 10%. Prevalensen auka i samsvar med alder og menopause-status. Ein tydeleg assosiasjon mellom osteoporose og diabetes vart funnen. Førebygging av diabetes kan vere eit godt grep for å førebygge osteoporose, men også andre sjukdommar, generelle langtidskomplikasjonar og død. Mange kvinner i Nepal lever med udiagnostisert og ubehandla osteoporose. Background
Osteoporosis and diabetes are diseases with alarmingly high prevalence worldwide and are both diseases where treatment exists, and preventive measures can be made. There are few data on the prevalence of osteoporosis and osteoporotic fractures in Nepal. A recent study from Kathmandu including 169 women >50 years found high prevalence of osteoporosis and osteopenia. Little data exist from rural parts of Nepal. Taking into account the fairly recent realization that osteoporosis is a prevalent complication of diabetes, and that South Asians have a predisposition for developing type 2 diabetes (T2D), addressing this association in Nepal is of significance.
Objectives
The aim of this study was to estimate the prevalence of osteoporosis and fractures among the female population in the rural parts of the Kavre district in Nepal. Additionally, the study aimed to assess the relationship between osteoporosis and diabetes and identify other risk factors for osteoporosis.
Methods and materials The study is a cross-sectional sub-study of a larger project investigating a female population in rural Nepal. Inclusion criteria were non-pregnant, married women aged 21-80 years. Anthropometrics were measured, blood samples were collected, and a comprehensive questionnaire, including previous fractures, was filled in by the participants. Due to limited access to dual x-ray absorptiometry for measurement of bone mineral density, we had to use other criteria for osteoporosis. Accordingly, osteoporosis was defined as having experienced at least one fracture and/or receiving osteoporosis medication. HbA1c above or equal to 6.5% and 5.7-6.4% were used to diagnose diabetes and prediabetes, respectively.
Results In total, 769 women with a mean age of 48.5 years were included in the study. The prevalence of osteoporosis in the total population was 10.5%, and the osteoporotic women had a mean age of 52.9 years. Previous fractures were reported by 4%. Altogether 46.4% were postmenopausal, and 13.6% of them had osteoporosis. The prevalence of diabetes and prediabetes was 4.4% and 38.2%, respectively. Of the women with diabetes, 15.2% were osteoporotic, while 10.5% of the non-diabetic women were osteoporotic. Among the women with hyperglycemia (HbA1c above or equal to 5.7%), 14.6% were osteoporotic, while 8.3% of women with normoglycemia women were osteoporotic. Mean HbA1c was slightly higher among women
with osteoporosis than without osteoporosis (5.76% compared to 5.55%). Mean HbA1c level was substantially higher in subjects with diabetes and concomitant osteoporosis than in those with diabetes without osteoporosis (8.7% compared to 7.7%). A significant correlation was found between hyperglycemia and osteoporosis (rs=0.1, p=0.006). Hyperglycemia was identified as a strong predictor for osteoporosis (OR=1.9, p=0.015). Menopause was also a significant risk factor showing strong positive prediction for osteoporosis (OR=2.1, p=0.006 when correcting for diabetes, OR=1.8, p=0.032 when correcting for hyperglycemia).
Conclusion
In this large study, we observed a fracture prevalence of 4.4%. When including women reporting use of medication against osteoporosis, the prevalence increased to 10%. The prevalence increased with age and menopausal status. The prevalence of fractures and osteoporosis in general is surely underestimated. A clear relationship between osteoporosis and diabetes was found. Thus, prevention of diabetes could be a good action for preventing osteoporosis and other diseases, in addition to general long-term complications and death. Many Nepalese women live with undiagnosed and untreated osteoporosis.