Et talentutviklingsmiljø i norsk kvinnefotball - En casestudie av Rosenborg kvinner
Abstract
I denne masteroppgåva har eg greia ut og operasjonalisert talentutviklingsmiljøet i fotballklubben RBK kvinner. Her har eg tatt i bruk ei holistisk og økologisk tilnærming (Henriksen, 2010). Ei holistisk tilnærming vil sei å ha eit heilskapleg syn på talentutvikling, medan ei økologisk tilnærming handlar om at individet vert påverka av den settinga talentet skal utvikle seg i. Ei slik tilnærming gjer det mogleg å avdekke faktorar eller organisatoriske barrierar som gjer at det kan leggjast til rette for at fleire utøvarar skal kunne nå sitt potensial. Forskingsfeltet knytt til talentutvikling har etterkvart blitt stort, men rettar seg ofte mot den enkelte utøvar. Forskinga gir tvetydige svar, og det er foreløpig vanskeleg å peike på enkeltfaktorar som kan predikere suksess på elitenivå (Williams & Reilly, 2000). Den holistiske og økologiske tilnærminga gjer at ein kan angripe talentutviklinga på ein annan måte, som kan belyse problemstillinga forskinga elles ikkje har sett nærmare på. Ved hjelp av ATDE- og ESF-modell til Henriksen (Henriksen, 2010) har eg skildra miljøet og forklart eventuelle suksessfaktorar i utviklingsmiljøet i RBK kvinner. Gjennom desse verktya viser funna at RBK kvinner er ein klubb i utvikling. I løpet av det siste året har det blitt gjennomført endringar i klubbstruktur, der mange ressursar no har blitt knytt til rekruttlaget i klubben. Dei har blant utvida støtteapparatet frå éin trenar til tre trenarar, ein keepertrenar og fysioterapeut. I tillegg viser funna ein tydeleg og sterk relasjon mellom rekruttlaget og A-laget. Klubben har gode ressursar i form av fasilitetar, der klubbhuset som har treningsrom, møterom, kjøkken og garderobar spelar ei stor rolle. Spelarane har også tilgang på klubbhuset til eventuelle sosiale aktivitetar. Klubben har samarbeider godt med aktørar knytt til spelarane i rekruttlaget. Samarbeid med ulike vidaregåande skular gjer at spelarane får ein meir tilrettelagt kvardag. Rekruttlaget sine arrangement blir drive av dugnad, og her stiller foreldregruppa opp for å bidra. Eit nyleg inngått samarbeid gjer også at RBK kvinner skal delta i G16 1.divisjon, som dannar ein tredje kamparena for klubben. Verktya har også avdekka nokre barrierar i klubben, som gjer at utviklingsmiljøet ikkje nødvendigvis fungerer optimlalt. RBK kvinner har ingen klubbar i nærområdet som kan eigne seg som samarbeidspartner for talentutvikling. Sjølv om relasjonen mellom A-lag og rekrutt er god, kan steget mellom rekrutt til A-lag for somme litt for langt, og det er få klubbar i området som kan stille med ein representativ utviklingsarena for dei som møter denne utfordringa. Ei anna utfordring er den lave snittalderen i klubben. Dette er truleg ei gjennomgåande tema i Toppserien i Noreg, men i praksis ser ein at dette skapar ei ekstra utfordring for spelarane i utviklingavdelinga. I RBK kvinner ser ein tendensar til at spelarar på rekruttlaget ofte konkurrerer med jamaldra spelarar som allereie har A-lagsnivå. Funna i denne studien tyder på at RBK kvinner er ein organisasjon i utvikling. Det blir arbeidd kontinuerlig både spesifikt med spelarutvikling, men også utvikling av klubben for at den skal kunne utvikle seg i eit langsiktig perspektiv. Denne studien gir eit bilete av korleis tilstandane kan skildrast på dette tidspunktet. Miljøet har mange positive tiltak som legger til rette for individuell utvikling, men opplever også barrierar på vegen. In this master thesis I have tried to determine aspects of the talent development environment in the Norwegian football club RBK women. I will use the theoretical perspective from Henriksen (2010), referred to as the holistic ecological approach. Holistic means to have a comprehensive perspective on talent development, and ecological is about how the individual is affected by the environment in which it develops. This approach makes it possible to reveal certain factors or organizational barriers so that the environment could adapt and facilitate so that several players reach their potential. The research field concerning talent development has gradually increased but is often centered to the individual player. The research gives ambiguous results and there has not yet been found predictors that can foresee future success on an elite level (Williams & Reilly, 2000). The holistic and ecological approach makes it possible to give the research field a new perspective on talent development. By using the ATDE- and ESF-model from Henriksen (2010), I have described the environment and explained eventual success factors in the development environment in RBK women. These tools show that the football club is a club in development. During the last yeas the club has gone through some structural changes, which has brought more resources to the recruit team. They have, among other things, increased the support team for the recruits from one coach to three coaches, one goalkeeping coach and a physical therapist. In addition, there is a close relation between the recruit team and the A-team. The club also have good resources in the shape of facilities, where the clubhouse with a training room, meeting rooms, kitchen and locker rooms plays a big role. The players also have access to this clubhouse for social events. The club cooperates well with other participants of the recruit players environments. The partnership with different high school makes the everyday life more facilitated for the recruit players. All the footballevents are drifted by voluntary work, where the parents often contribute. One recent collaboration made it possible for RBK women to join the boys 16 first divison, which makes up the third arena for the players to compete. The tools have also revealed some barriers in the club, which makes the development environment suboptimal. RBK women has no surrounding clubs that can function as a collaborator for the development of players. Despite the good relation between the A-team and the recruit team, the step up from the recruit team might be too big for some players. There is few clubs in the area that can provide a good development arena for the players this challenge might concern. One other challenge the club seems to meet, is the low average age. This might be a theme in the Toppserie in Norway in general, but this might present a challenge for the players in the recruit teams. There is certain sign that imply that the players in the recruit team often compete with players the same age which already have reached A-team level. The findings in this study implies that RBK women is an organization in development. They work continuously with talent development, but also work for the development of the club as an organization in long term perspective. This study gives creates an image of the state of the club as of now. The environment has many positive measures that facilitates individual development, but experience barriers on the way.