Vis enkel innførsel

dc.contributor.authorBoge, Jeanne
dc.date.accessioned2015-03-03T09:17:31Z
dc.date.available2015-03-03T09:17:31Z
dc.date.issued2014
dc.identifier.isbn978-82-93269-88-5
dc.identifier.issn1892-705X
dc.identifier.urihttp://hdl.handle.net/11250/278230
dc.description.abstractEnkelte bebuarar i sjukeheim er sjeldan og aldri på WC. Tidlegare studiar viser at baderomsfasilitetane i helseinstitusjonenr ikkje er optimale for sjuke og pleietrengjande. Idear om korleis sjukeheimar og omsorgsbustader bør vere utforma Offentlege føringar tilseier at bueiningar i sjukeheimar med tilhøyrande bad bør vere utforma slik at bebuar ikkje må skifte bueining om pleiebehova endrar seg. Spørsmål Overordna spørsmål: Korleis er tilhøvet mellom utforminga av baderom i sjukeheim og ideane om at bebuar med fast plass skal kunne bli buande og få den hjelp vedkomande dei treng sjølv om pleietrongen skulle endre seg? Underordna spørsmål: Korleis er baderom i sjukeheim utforma? Korleis fungerer baderom i sjukeheim for delvis sjølvhjelpte og for totalt pleietrengjande bebuarar i sjukeheim? Undersøkingsteknikk For å finne ut korleis bad i bueiningar i sjukeheimar var uforma, har eit bad i alle dei 20 kommunale sjukeheimane i Bergen kommune blitt kartlagt. Alle bueiningane hadde det til felles at dei kunne bli brukt av bebuar som ikkje kunne stå på føtene sine. Bachelorstudentar i sjukepleie ved Høgskolen i Bergen (HIB) har hatt ei sentral rolle i arbeidet med å lage skisser, ta bilder og mål av baderom og takheisskinner i bebuareiningar. Funn Kartlegginga indikerer at mange bad i sjukeheimar ikkje legg til rette for mest mogeleg sjølvhjelp, fordi WC ikkje kan høgdejusterast, fordi støpsel, skap, hyller, knaggar, toalettpapir, skyljemekanismar, dusjhovud og såper er utanfor rekkevidde frå sittande stilling, fordi avstanden mellom WC og servant er for stor, fordi det manglar handtak på/ved servant, i dusjområdet og elles på badet og fordi spegel er plassert høgt oppe på veggen. Vidare indikerer kartlegginga at mange bad ikkje er optimalt utforma for bebuarar som ikkje kan stå på føtene sine. Mange bad er så små at det kan bli trongt når ein treng hjelpar, rullestol og plasskrevjande heisar for å kome seg på WC, til servant og dusj. Vidare kan 80 cm breie døropningar mellom bebuarrom og bad vere i trongaste laget for rullestolsbrukarar. Ein kan heller ikkje sjå bort i frå at mangelen på gjennomgåande takheisskinner kan gjere det vanskeleg for enkelte bebuarar å bruke WC. Avgrensingar Rapporten omfattar ikkje analyser av bygningsmessige konstruksjonar og heller ikkje data om bebuar, bemanning, haldningar, erfaringar og kunnskapar som potensielt kan vere avgjerande for korleis baderom i sjukeheimar fungerer. Sjølv om rapporten viser at utforminga av baderom og takheisar kan vere avgjerande for kor enkelt/vanskeleg det er for bebuarar å bruke WC, kan ikkje rapporten gje svar på om det er dei materielle rammene som er grunnen til at enkelte bebuarar sjeldan og aldri er på WC. Vidare undersøkingar For å få meir kunnskap om det faktum at enkelte bebuarar sjeldan og aldri brukar WC, kan det vere aktuelt å intervjue pleiarar og bebuarar i sjukeheim. Sidan denne rapporten indikerer at mange av dei kartlagde sjukeheimsbada ikkje er så funksjonelle, kan det også vere aktuelt å undersøkje kva utdanning dei som er med på å utforme slike institusjonar har om helseinstitusjonar. Vidare kan det vere aktuelt å undersøkje korleis avgjersler om baderomsutforming i sjukeheimar vert gjort.nb_NO
dc.language.isonnonb_NO
dc.relation.ispartofseriesSenter for omsorgsforskning, rapportserie;11/14
dc.subjectBaderomnb_NO
dc.subjectSykehjemnb_NO
dc.subjectBaderom i sykehjemnb_NO
dc.titleFunksjonaliteten til baderom i sjukeheimarnb_NO
dc.typeResearch reportnb_NO
dc.subject.nsiVDP::Medical disciplines: 700::Health sciences: 800::Other health science disciplines: 829nb_NO
dc.source.pagenumber120nb_NO


Tilhørende fil(er)

Thumbnail

Denne innførselen finnes i følgende samling(er)

Vis enkel innførsel