Korleis påverkar foreldrementalisering barnet si utvikling?
Abstract
Foreldrementalisering blir sett på som viktig for barn si utvikling. Samstundes er foreldrementalisering eit fleirfasettert omgrep. Det finst fleire teoretiske rammeverk, operasjonaliseringar og målemetodar knytt til dette omgrepet. Målet med denne teoretiske oppgåva er å gjere det tydelegare korleis foreldrementalisering verkar på barnet i praksis. Oppgåva er leia av følgjande problemstilling: “Korleis påverkar foreldrementalisering barnet si utvikling?” Problemstillinga er vidare formulert gjennom dei tre del-problemstillingane: 1) Kva dimensjonar ved foreldrementalisering har tyding? 2) Kva er mekanismane som gjer at foreldrementalisering påverkar barnet si utvikling? Og 3) Kva utviklingsområde hos barnet blir påverka? For å svare på problemstillinga, blir ulike teoretiske rammeverk for foreldrementalisering utforska. Det blir presentert forskjellige forskingsmetodar knytt til foreldrementalisering, og drøfta kva ein har funne ut ved å nytte desse metodane. Oppgåva kjem fram til at foreldrementalisering, i form av både mentale representasjonar og åtferd, påverkar utviklingsområde som tilknyting, emosjonsregulering og psykososial fungering hos barnet. Det blir òg peika på korleis visse dimensjonar av foreldrementalisering, som sjølvfokusert mentalisering og emosjonsmedvit, kan ha negative konsekvensar for omsorgsgjeving og barnet si utvikling. Oppgåva konkluderer med at det trengst meir forsking om foreldrementalisering. Parental mentalizing is considered to be important to children’s development. However, parental mentalizing is a multifaceted concept. There are several theoretical frameworks, operationalizations and measure methods associated with this concept. The goal of this theoretical thesis is to make it clearer how parental mentalizing works on the child in practice. The thesis is led by the following question: “How does parental mentalizing affect the child’s development?” It is further formulated in three sub-questions: 1) What dimensions of parental mentalizing matters? 2) What are the mechanisms by which parental mentalizing affects the child’s development? 3) Which developmental areas are affected in the child? To answer these questions, several theoretical frameworks about parental mentalizing are explored. Different research methods used for parental mentalizing, will be presented, and findings from studies using these methods will be discussed. The thesis finds that parental mentalizing, in the form of both mental representations and behaviour, affects develeopmental areas such as attachment, emotion regulation and psychosocial function of the child. It also pointed out how certain dimensions of parental mentalizing, like self focused mentalizing and emotion awareness, can have negative consequences for parenting and the child’s development. The thesis concludes that more research is needed.