Vis enkel innførsel

dc.contributor.advisorRoaldset, John Olav
dc.contributor.advisorMorken, Gunnar
dc.contributor.advisorKallestad, Håvard
dc.contributor.advisorEberhard-Gran, Malin
dc.contributor.authorOsnes, Rannveig Storaune
dc.date.accessioned2021-01-14T12:59:01Z
dc.date.available2021-01-14T12:59:01Z
dc.date.issued2020
dc.identifier.isbn978-82-326-4967-9
dc.identifier.issn1503-8181
dc.identifier.urihttps://hdl.handle.net/11250/2723105
dc.description.abstractPsykiske lidingar i perinatalperioden: Samanhengar mellom insomni i svangerskapet og angst og depresjon før og etter fødselen Sjølv om svangerskapet og tida etter fødselen, ofte kalla perinatalperioden, er ei fin tid for dei fleste, er det også ei risikoperiode for å utvikle psykisk sjukdom. Det å ha angst eller depresjon i perioden før og etter fødsel, kan få negative følgjer – ikkje berre for kvinna sjølv og tilhøvet til ein partner, men også for mor-barn-tilknytinga og for barnet si helse og utvikling. Dessverre er kvinner med angst eller depresjon i perintalperioden både underdiagnostiserte og underbehandla, og det er difor viktig å avdekkje risikofaktorar for desse lidingane i denne perioden. To norske studiar ligg til grunn for denne avhandlinga; Akershus Birth Cohort (ABC) ved Akershus Universitetssykehus og Depresjon og Angst i Perinatal Perioden (DAPP) ved Ålesund sjukehus. I begge studiane vart gravide kvinner rekrutterte til deltaking i samband med rutineultralydundersøkinga ved sjukehusa i svangerskapsveke 17 og følgt opp til 8 veker etter fødselen. Vi ønska primært å undersøkje om insomni (dvs. innsovningsproblem, uroleg nattesøvn, tidleg morgonoppvakning, dårleg søvnkvalitet og redusert dagtidsfunksjon grunna søvnvanskane) i svangerskapet er ein risikofaktor for angst og depresjon i perinatalperioden. I tillegg undersøkte vi førekomsten av angstlidingar og av ulike symptom knytt til søvn gjennom svangerskapet og etter fødselen. Studiane viste at det å ha symptom på insomni i midtre eller siste del av svangerskapet, har samanheng med å ha samtidig angst i svangerskapet og med å ha angst etter fødselen. Vidare hadde insomni i midtre del av svangerskapet samanheng med å ha samtidig depresjon i svangerskapet, men i mindre grad med depresjon etter fødselen. Blant dei gravide og kvinnene som hadde født, hadde 10% symptom på ei eller fleire angstlidingar. Av desse angstlidingane, var det berre tvangsliding som førekom tydeleg hyppigare etter fødselen enn i svangerskapet. Kvinner med insomni i midtre del av svangerskapet hadde oftare symptom på tvangsliding etter fødselen enn kvinner med normal søvn. Om lag 10% hadde depresjonssymptom i svangerskapet og etter fødselen. Det er viktig at helsepersonell er klar over at gravide kvinner med insomni har auka risiko for å ha angst og depresjon i svangerskapet og for å utvikle angst og tvangssymptom etter fødselen. Framtidig forsking bør undersøkje om ikkje-medikamentell behandling av insomni i svangerskapet fører til lågare førekomst av insomni, angst og depresjon i perinatalperioden.en_US
dc.language.isoengen_US
dc.publisherNTNUen_US
dc.relation.ispartofseriesDoctoral theses at NTNU;2020:309
dc.titleMental illness in the perinatal period: Associations between gestational insomnia and perinatal anxiety and depressionen_US
dc.typeDoctoral thesisen_US
dc.subject.nsiVDP::Medical disciplines: 700en_US
dc.description.localcodedigital fulltext is not availableen_US


Tilhørende fil(er)

Thumbnail

Denne innførselen finnes i følgende samling(er)

Vis enkel innførsel