Meistringsforventningar blant høgskule og universitetsstudentar
Master thesis
View/ Open
Date
2013Metadata
Show full item recordCollections
- Institutt for psykologi [3157]
Abstract
Formålet med denne oppgåva var å utforske kjønnsforskjellar i meistringsforventningar. I dagens samfunn utgjer kvinner 60 % av alle studentar innanfor høgare utdanningar (SSB, 2012). Likevel er det store forskjellar i fordelinga av kvinner og menn på ulike fagområde. Til tross for like evner, ser kvinner og menn ut til å velje kjønns-stereotypiske utdanningar. Hovudformålet med denne oppgåva var derfor å utforske om det var forskjellar i meistringsforventningar mellom kvinner og menn, og om dei eventuelle forskjellane falt inn i dei kjønns-stereotypiske inndelingane som blir antyda av forsking. Desse meistringsforventningane tok hovudsakleg utgangspunkt i akademisk self-concept og self-efficacy. Datainnsamlinga blei utført på to ulike studieretningar i Trondheim (psykologi og elektro-, og fornybarenergiingeniør), og utvalet bestod av førsteårsstudentar. Totalt var det 145 respondentar, med ein responsrate på 34,6%. Dataanalysane viste klare kjønns-stereotypiske tendensar. Kvinner hadde generelt høgare tiltru til eigen fagleg meistring innanfor språkfaga og samfunnsfaga, medan dei mannlege respondentane hadde høgare tiltru til eigen meistring innanfor realfaga og datastudiar. Nokre forskarar peikar på at visse akademiske fagområde er knytt til kjønnstypar. For eksempel blir maskulinitet knytt til høge meistringsforventningar innanfor realfaga, medan ein kvinneleg kjønnstype har vore knytt til høge forventingar innanfor språkfaga. Desse tendensane kunne ein også sjå blant utvalet. Resultata viste også ein klar samanheng mellom indre kontrollplassering (locus of control) og tiltru til eigen meistring. Dei som hadde indre kontrollplassering hadde generelt ein høgare tiltru til eigen meistring enn dei som hadde indre kontrollplassering. Ein maskulin kjønnstype såg også ut til å ha ein sterkare samanheng med forventa framtidig meistring og indre kontrollplassering, medan dei med feminin kjønnstype i større grad var dominert av ytre kontrollplassering. Det vil likevel vere viktig å nemne at det ikkje blei kontrollert for akademiske evner, så ein kan ikkje trekke klare konklusjonar på bakgrunn av desse resultata. I tillegg kan ei skeiv fordeling mellom kvinner og menn i utvalet, og skilnader mellom dei to studiestadane også bidra til å påverke resultata. The purpose of this master thesis was to explore gender differences in mastery expectations. In today's society women constitute 60 % of all students in higher education (SSB, 2012). However, there are still major differences in the distribution of women and men in different academic disciplines. Despite of their similar capabilities, women and men seem to choose the genderstereotypical educations. The main purpose of this master thesis was to explore whether there were differences in mastery expectations between men and women, and if the possible differences fell into the gender-stereotypical division being suggested by earlier research. These mastery expectations were mainly based on academic self-concept and self-efficacy. Data collection was conducted in two different campuses in Trondheim (psychology and electronics-, and renewable energy engineering), and the sample consisted of first-year students. The number of respondents were N= 145, with an response rate of 34,6%. The data analysis showed clear gender-stereotypical tendencies. Females generally had a higher confidence in their own academic mastering within the language subjects and social subjects, while the male respondents had higher confidence in their own mastery within the natural sciences and computer studies. Some researchers have pointed out that certain academic subjects are related to gender types. For example, masculinity has been linked to high mastery expectations within the natural sciences, while a feminine gender type has been linked to high expectations within the language subjects. These tendencies could also be seen in the sample. The results showed a clear connection between the internal locus of control and confidence in own mastery. Those who had an internal locus of control generally had a higher confidence in own coping than those who had an external locus of control. A masculine gender type also seemed to have a greater correlation with expectations for future coping and internal locus of control, while those with feminine sex type was more likely to have an external locus of control. It is nevertheless important to mention that the results were not controlled against actual academic ability, so we can therefore not draw any conclusions based on these results. In addition, the skewed distribution between women and men in the sample, and differences between the two educational fields may also have influence the results.