Vis enkel innførsel

dc.contributor.authorSnilstveit, Venla Arponennb_NO
dc.date.accessioned2014-12-19T14:41:54Z
dc.date.available2014-12-19T14:41:54Z
dc.date.created2011-08-29nb_NO
dc.date.issued2010nb_NO
dc.identifier437336nb_NO
dc.identifier.urihttp://hdl.handle.net/11250/270605
dc.description.abstractOppgåva søkjer å setja fokus på prokrastinering i Noreg gjennom å bidra med skalaer formåling av trekkprokrastinering. Tre godt validerte og mykje brukte skalaer for måling avhandlings- avgjersle- og akademisk prokrastinering vart oversatt frå engelsk til norsk, normert og validert på eit utval studentar frå NTNU (N = 839). Med bakgrunn i tidlegare forsking vona me at prokrastinering er eit normalfenomentilstades òg hjå norske studentar, at menn har eit høgare nivå av prokrastinering, og at prokrastinering minskar med alder. Resultata støttar dette, bortsett frå at me ikkje fann reduksjon i prokrastinering med aukande alder. Studiet søkte vidare å validere skalaene gjennom å sjå på samtidigvaliditet, faktorstruktur og hypotesetesting. Me fann støtte for skalaene si evne til å måla prokrastinering, om enn ulike typar. Me fann støtte for GPS som mål på generell handlingsprokrastinering. Den inneheld ein dimensjon som dekkjer essensen i prokrastinering på tvers av type (handling, avgjersle og akademisk) og kva daglegvirke personen måtte ha. Samstundes som to supplerandedimensjonar bidreg til å gjera GPS til eit instrument for måling av handlingsprokrastinering på eit bredt spekter av oppgåver. DPS er tenkt å måla avgjersleprokrastinering og tidlegare studier tydar på ein enkelt dimensjon; ubesluttsomheit, noko som vart replisert i studiet. PASS vil i kraft av å vera eit mål på akademisk prokrastinering vera den beste til å forklara konsekvensar for akademisk utføring (karaktergjennomsnitt, etterslep og stryk), dette fann me òg støtte for. Spesifisiteten til PASS skalaen vart støtta gjennom funn av seks ulike domene, eit for kvar av dei akademiske områda. Prokrastinering på det å lese til eksamen, skriving av semesteroppgåve og vekevisst lesing av pensum var dei områda som hadde størst betyding for akademisk utføring. Desse var og dei oppgåvene studentane i utvalet hadde størst ynskje om å redusera utsetjinga si av. Noko som indikerer behovet og relevansen av aukafokus på prokrastinering, intervensjon retta mot studentar og ytterlegare forsking også her i Noreg.nb_NO
dc.languagenornb_NO
dc.publisherNorges teknisk-naturvitenskapelige universitet, Fakultet for samfunnsvitenskap og teknologiledelse, Psykologisk instituttnb_NO
dc.titleI morgon, i morgon, men ikkje i dag: Normering og validering av tre prokrastineringsskalaer i eit norsk studentutvalnb_NO
dc.typeMaster thesisnb_NO
dc.contributor.departmentNorges teknisk-naturvitenskapelige universitet, Fakultet for samfunnsvitenskap og teknologiledelse, Psykologisk instituttnb_NO


Tilhørende fil(er)

Thumbnail
Thumbnail
Thumbnail
Thumbnail
Thumbnail

Denne innførselen finnes i følgende samling(er)

Vis enkel innførsel