Vis enkel innførsel

dc.contributor.advisorRingdal, Kristennb_NO
dc.contributor.authorVestnes, Kristoffernb_NO
dc.date.accessioned2014-12-19T14:36:21Z
dc.date.available2014-12-19T14:36:21Z
dc.date.created2013-09-04nb_NO
dc.date.issued2013nb_NO
dc.identifier645518nb_NO
dc.identifier.urihttp://hdl.handle.net/11250/268650
dc.description.abstractTilfredsheit med helsetenestene kan gje ein indikasjon på kvaliteten til helsesystemet. Analysen i denne oppgåva viser at 27 prosent av variansen i datamaterialet frå European Social Survey for denne utfallsvariabelen er å finne mellom land. Ulik strukturell og institusjonell oppbygging forklarer ein stor del av denne variansen. Analysen tyder vidare på at velstandsnivået og utforminga av velferdsinstitusjonane heng nøye saman, ved at høgt brutto nasjonalprodukt og godt utbygde helsetenester samvarierer, og resulterer i høg grad av tilfredsheit. Det går eit skilje gjennom Europa med tanke på tilfredsheit, ved at landa som sorterer under tre nordlege velferdsregime er signifikant meir nøgde enn under tre regime i aust og sør. Ein del av mishaget i det austlege regimet kan forklarast med låg forventa levealder, og dei bakomliggande faktorane som påverkar denne. Sosioøkonomiske og subjektive variablar som utdanning, inntekt, sjølvrapportert helsetilstand og generell livskvalitet forklarer ein del av variasjonen i tilfredsheit på individnivået, og ein monaleg del på landnivået, via komposisjonelle effekter. Demografiske variablar som kjønn, alder, etnisitet og opphavsland gjev eit mindre substansielt bidrag. I tråd med Bleich et al. (2009) si forsking er eksterne faktorar sentrale når ein skal forklare variasjonen i tilfredsheit med helsetenestene. Vi kan likevel ikkje konkludere med at eksterne faktorar er viktigare enn dei interne. Til det er for få interne variablar inkluderte i analysen, særskilt på mikronivå.nb_NO
dc.languagenornb_NO
dc.publisherNorges teknisk-naturvitenskapelige universitet, Fakultet for samfunnsvitenskap og teknologiledelse, Institutt for sosiologi og statsvitenskapnb_NO
dc.titleNøgde i nordvest – skeptiske i søraust: Ein kvalitativ fleirnivåanalyse av tilfredsheit med helsetenestene i Europanb_NO
dc.typeMaster thesisnb_NO
dc.source.pagenumber74nb_NO
dc.contributor.departmentNorges teknisk-naturvitenskapelige universitet, Fakultet for samfunnsvitenskap og teknologiledelse, Institutt for sosiologi og statsvitenskapnb_NO


Tilhørende fil(er)

Thumbnail

Denne innførselen finnes i følgende samling(er)

Vis enkel innførsel