Vis enkel innførsel

dc.contributor.advisorNesje, Arne
dc.contributor.authorRygg, Anniken
dc.date.accessioned2019-10-21T08:55:19Z
dc.date.available2019-10-21T08:55:19Z
dc.date.issued2019
dc.identifier.urihttp://hdl.handle.net/11250/2623444
dc.description.abstractI Norge er det om lag 850 kommunale symjehallar, svært mange av desse vart bygd på 60-70 - talet og har nådd si fulle livslengd. Symjehallar er både kompliserte og kostnadskrevjande å bygge og drifte. Denne masteroppgåva har forska på kommunale symjehall-prosjekt og omsyn til berekraft i planlegging og innkjøpsprosessar. Symjehallar er, samanlikna med andre idrettsanlegg, rekna å vere» miljøversting». Formålet med oppgåva er å undersøkje korleis symjehallar kan bli miljø- og klimavennlege bygg med god berekraft i levetida. Problemstillinga i oppgåva er «Kan symjehallar bli «grøne» bygg» og set lys på temaet gjennom 4 forskings-spørsmål relatert til berekraft-perspektiva; samfunn, miljø og økonomi. Datamateriale til oppgåva er samla inn ved hjelp av ei kvantitativ spørjeundersøking til alle nye symjehall-prosjekt i perioden 2017-2018. Alle prosjekt som deltek i spørjeundersøkinga er førehandgodkjent til tilskot frå Spelemiddelordninga. I tillegg er det gjennomført dokumentstudie av symjehall-prosjekt som er utlyst på Doffin i same periode. Samla gjev innsamla data eit godt grunnlag til å studere eigenskapar kring berekraft i symjehall-prosjekt. Prosjekt- og innkjøpsteori er lagt til grunn for å svare på problemstillinga i oppgåva. Forsking understrekar verdi av grundig tidlegfaseplanlegging for å lukkast. Grøne og innovative innkjøp er eit sentralt verkemiddel i offentleg sektor for utvikling av lågutslepps-samfunn. Kommunane har, gjennom innkjøpsregelverket, krav om å minimere miljøbyrda eit innkjøp gjev i si levetid. Analyse frå pilotprosjekt frå gjennomførte symjehall-prosjekt syner at miljø- og klimatiltak innan energi- og materialbruk gjev vinstar i form av lågare CO₂-utslepp og lågare driftskostnadar. Økonomiske insentiv-ordningar kan drive fram ei ønska utviklingsretning. Finansiering frå spelemidlane er avgjerande for eit kommunalt symjehall-prosjekt. Resultat frå forskingsprosessen kan tyde på at krav til miljø- og klimatiltak i vilkåra til Spelemiddelordninga vil gjere det meir attraktivt å planlegge for «grøne» symjehallar i framtida. Forskinga i denne oppgåva har avdekka fleire hindringar og drivarar til «grønare» symjehallar. Meir kunnskap og informasjon i innkjøparfunksjonen, hjå rådgjevarar og leverandørar kring miljø- og klimavennlege løysingar er ein sentral faktor for berekraftige symjehallutbyggingar i tida som kjem.nb_NO
dc.language.isonobnb_NO
dc.publisherNTNUnb_NO
dc.titleSymjehallen - funksjonell, varig og vakker? Ei analyse av berekraft-perspektiv i plan- og gjennomførings-prosessar i offentlege symjehallprosjektnb_NO
dc.typeMaster thesisnb_NO
dc.subject.nsiVDP::Humaniora: 000::Arkitektur og design: 140nb_NO


Tilhørende fil(er)

Thumbnail

Denne innførselen finnes i følgende samling(er)

Vis enkel innførsel