Vis enkel innførsel

dc.contributor.advisorMagin, Melanie
dc.contributor.authorSørheim, Anette Kronstad
dc.date.accessioned2019-09-27T14:00:09Z
dc.date.available2019-09-27T14:00:09Z
dc.date.issued2019
dc.identifier.urihttp://hdl.handle.net/11250/2619182
dc.description.abstractDenne masteroppgåva rettar fokus mot unge vaksne sin Instagram-bruk, korleis dei personaliserer Instagram, og korleis dei opplev personalisering gjort av dei sjølv og algoritmar. Samtidig som bruk av Instagram og andre sosiale nettverkstenester aukar, vert innhaldet stadig meir personleg. Kven vi skal følgje, kva vi skal like og kven vi skal kommunisere med bestemmer vi heilt sjølv. Med dette er vi med på å personalisere og tilpasse vår eiga verd i fotonettverket (Sunstein, 2018, s. 3). På den andre sida er personaliseringsalgoritmar konstruert til å eksponere innhald som vi mest sannsynleg finn meiningsfull (Seargeant & Tagg, 2019, s. 42), samt populært innhald med flest «likes» (Jürgens & Stark, 2017, s. 401). Nordmenn i alderen 18-29 år er den aldersgruppa som bruker Instagram mest, der 77% har brukarprofil i nettverket (Ipsos, 2019a). Det er interessant å studere korleis den mest utbreidde gruppa på Instagram personaliserer fotonettverket, og korleis dei opplev verknaden av at nettverket er personalisert. Empirien i undersøkinga består av 11 kvalitative intervju med norske Instagram-brukarar i alderen 18-29 år. Dei bruker i gjennomsnitt 47 minutt på Instagram per dag. Applikasjonen er blitt ein integrert del av kvardagen deira, då den er med på å dekkje behova for sjølveksponering, tidsfordriv, underhaldning, sosialisering og inspirasjon. Brukarane personaliserer Instagram ved å forme kriterium til kva innhald dei følgjer og «liker», og har eit ynskje om å få det «beste av det beste» innhaldet i nyheitsstraumane deira. Som eit resultat av algoritmar og eigne val, vert dei skrollande i ulike straumar av personalisert innhald – fleire gonger dagleg. Samtidig som dei formar og personaliserer Instagram, uttrykker brukarane at dei har mindre kontroll over eit lite variert innhald, og at innhaldet kan bidra til sosial samanlikning og identitetskonstruksjon. Dette er med på å svekke deira tillit til mediet.
dc.description.abstractThis text focuses on young adult Instagram users, how they personalize Instagram, and how they experience the personalization done by themselves and algorithms. While the use of Instagram and other social networking services is increasing, the content itself gets more personal. We decide who we choose to follow, what we choose to like, and who we choose to communicate with. With this, we personalize and make our own world in the photo network (Sunstein, 2018, p. 3). On the other hand, personalization algorithms are designed to expose content that we most likely find interesting (Seargeant & Tagg, 2019, p. 42), but also posts that generate clicks and likes (Jürgens & Stark, 2017, p. 401). Norwegians aged 18-29 are the group who use Instagram most in Norway, where 77% have a user profile (Ipsos, 2019a). It’s interesting to study how the most widespread group on Instagram personalize the network, and how they experience the meaning of a personalized network. The empirical study consists of 11 qualitative interviews with Norwegian Instagram users aged 18-29. Young adults in this project spend an average of 47 minutes on Instagram each day. The app has become an integral part of their lives as it helps to cover their needs for self-exposure, to fill up spare time, entertainment, socialization and inspiration. The users personalize Instagram by setting requirements for profiles to follow, content to like, and too have a desire to get the “best of the best” content in their news feeds. As a result of algorithms and their own choices, they keep scrolling down their different streams of personalized content – some several times daily. While shaping their own feeds on Instagram, young adults experience that they have less control of a small variety of personalized content, and that their feeds contributes to social comparison and identity construction. As a result, it decreases their trust to the medium.
dc.languagenno
dc.publisherNTNU
dc.titleLivet på Instagram blant unge vaksne - verknaden av eit personalisert fotonettverk
dc.typeMaster thesis


Tilhørende fil(er)

Thumbnail

Denne innførselen finnes i følgende samling(er)

Vis enkel innførsel