Vis enkel innførsel

dc.contributor.advisorSæther, Stig Arve
dc.contributor.authorGangsø, Kristian Sandal
dc.date.accessioned2019-09-06T14:12:21Z
dc.date.available2019-09-06T14:12:21Z
dc.date.issued2019
dc.identifier.urihttp://hdl.handle.net/11250/2613680
dc.description.abstractFormålet med studien var å undersøkje korleis junior-elite fotballspelarar oppfattar kvaliteten på utviklingsmiljøet dei er ein del av i ein nøkkelfase av utviklinga, og å undersøkje om spelarane sine oppfattningar skil seg mellom utviklingsmiljø som Norsk Toppfotballsenter (NTF) har klassifisert som gode og mindre gode. Det teoretiske fundamentet er henta frå Williams og Franks (1998) sin modell for potensielle prediktorar av talent i fotball. Studien tok utgangspunkt i ein kvantitativ forskingsstrategi, og har nytta eit validert spørjeskjema; Talent Development Environment Questionnaire (5), utvikla av Martindale et al. (2010). 109 junior-elite fotballspelarar, frå G19-lag tilhøyrande fem Eliteserieklubbar, deltok i studien. Derav er 92 spelarar inkludert i analysane. For å besvare problemstillingane vart det nytta deskriptiv statistikk, korrelasjonsanalyse og t-test. På eit overordna nivå tyder resultata på at norske utviklingsmiljø er oppfatta å vere av forholdsvis god kvalitet frå eit spelarperspektiv. Funna indikerar at spelarane oppfattar utviklingsmiljøa som dyktige innan faktorane langsiktig utviklingsfokus og støttenettverk. Dette samsvarar med tidlegare studiar på feltet (Mills et al., 2014a; Gledhill & Harwood, 2018; Ivarsson et al., 2015). Spesifikt er områder som kvalitetstrening, idrettsrelatert støtte og balansen mellom trening, konkurranse og restitusjon ansett som styrkane ved utviklingsmiljøa. Dette til tross, utviklingsmiljøa ser ut til å ha forbetringspotensiale når det kjem til (uformell) kommunikasjon og holistisk perspektiv på spelarutviklinga. I tillegg indikerar funna ein manglande relasjon mellom miljøet og spelarane sine foreldre, som også er funne i tidlegare studiar (Mills et al., 2014a). Vidare viser resultata at spelarar i klubbar som ligg i toppen av NTF si Akademiklassifisering oppfattar sine utviklingsmiljø til å ha signifikant høgare kvalitet innan faktorane samstilte forventningar, kommunikasjon og holistisk kvalitetsførebuing, enn spelarar i klubbar som ligg i botnen av akademiklassifiseringa. Resultata viser også skilnadar innan faktorane langsiktig utviklingsfokus og støttenettverk, sjølv om desse viser seg å ikkje vere signifikante. Dette indikerar at det kan vere store skilnadar i korleis spelarutviklinga vert lagt til rette for spelarar i ulike klubbar i Eliteserien, og at akademiklassifiseringa kan vere ein indikator for korleis utviklingsmiljøet vert oppfatta av spelarane.
dc.description.abstractThe aim of this study was to examine junior-elite football players´ perception of the quality of their talent development environment at a key stage in their career, and to examine if the players perceptions differ between talent development environments that, by the Norwegian Topfootballcenter (NTF), has been classified as good or less good. The theoretical foundation of this study derived from Williams and Franks´ (1998) model of potential predictors of talent in football. Using the Talent Development Environment Questionnaire (5) (Martindale et al., 2010), a total of 109 junior-elite footballplayers, recruited from under 19-teams from five Premier Division clubs, took part in the study. 92 players was included in the analyses. Descriptive statistics, correlationanalyses and t-test was used to answer the research questions. Overall, the talent development environments were perceived to be of good quality from the players perspectives. The findings suggest that the players perceived the environments to be of good quality especially regarding the factors long-term development focus and support network. The findings is consistent with previous research (Mills et al., 2014a; Gledhill & Harwood, 2018; Ivarsson et al., 2015). Specifically, areas regarding quality coaching, sports-related support and the balance between training, competition and restitution was considered strengths of the talent development environments. However, the results indicate that the talent development environments has potential for improvement regarding (informal) communication and holistic player development. In addition, the findings indicate a lacking relation between the environments and the players parents, congruent with previous research (Mills et al., 2014a). The results further suggests that players from clubs classified at the top of NTF´s Academy Classification perceive their development environments to be of significantly higher quality regarding the factors alignment of expectations, communication and holistic quality preparation than players in clubs at the bottom of the classification. The results also reveal differences in perceived quality within factors long-term development focus and support network, although these differences prove not to be significant. This suggests that there might be big differences in how Norwegian Premier Division clubs facilitate for development to top level, and that NTF´s Academyclassification may be an indicator for how the talent development environment is perceived by the players.
dc.languagenno
dc.publisherNTNU
dc.titleUtviklingsmiljø for junior-elite fotballspelarar
dc.typeMaster thesis


Tilhørende fil(er)

Thumbnail

Denne innførselen finnes i følgende samling(er)

Vis enkel innførsel