• norsk
    • English
  • English 
    • norsk
    • English
  • Login
View Item 
  •   Home
  • Fakultet for samfunns- og utdanningsvitenskap (SU)
  • Institutt for psykologi
  • View Item
  •   Home
  • Fakultet for samfunns- og utdanningsvitenskap (SU)
  • Institutt for psykologi
  • View Item
JavaScript is disabled for your browser. Some features of this site may not work without it.

Opplevinga av å vera pårøranda til ein rusavhengig

Høydal, Marita Orseth
Master thesis
Thumbnail
View/Open
Høydal, Marita Orseth.pdf (7.816Mb)
URI
http://hdl.handle.net/11250/2612409
Date
2019
Metadata
Show full item record
Collections
  • Institutt for psykologi [2150]
Abstract
Det finst i dag ei gryande anerkjenning av at rusavhengnad har betydelege konsekvensar utover individet som er avhengig. Føremålet med den føreliggande studien var å undersøkje opplevinga av å vera pårørande til ein rusavhengig. Dette gjaldt på tvers av type relasjon til den rusavhengige og i ein norsk kontekst. Det var ønskeleg å få rike, subjektive skildringar av kva som kjenneteikner relasjonen til den rusavhengige, korleis belastinga opplevast og manifesterer seg, samt korleis eventuell mestring og støtte heng saman med opplevinga. Gjennom to semistrukturerte fokusgruppeintervju med høvesvis generelle pårørande (n=3) og (eks)partnarar med felles born med ein rusavhengig (n=4), vart dei nemnde fokusa addressert. Resultata av ei tematisk analyse resulterte i tre hovudtema: kjenneteikn på den primære belastinga, (manglande) mestring og støtte og kjenneteikn på den sekundære belastinga. Resultata av den føreliggande studien i ein norsk kontekst utdjupar nokre område av tidlegare forsking. Resultata viste at å vera pårørande til ein rusavhengig er kjenneteikna av ei mangefasettert emosjonell belasting, mangel på kontroll og ein relasjon til den rusavhengige prega av ambvialente kjensler. Vidare viste analysen at dei pårørande opplevde mindre støtte enn dei treng, og at mestringsstrategiane ikkje beskytta nok til at påkjenninga ikkje går utover psykisk og fysisk helse. Dei pårørande gav òg skildringar av både eigne mestringsstrategiar, samt av gode og mangelfulle erfaringar med hjelpeinstansar. Unikt for studien er at den inkluderer (eks)partnarar av ein rusavhengig. Særleg relevant for denne typen pårørande er aspekt knytt til barnet. Vidare viste resultata at relasjonen til den rusavhengige for nokre ekspartnarar i større grad er ufriviljug, samanlikna med generelle pårørande.

Fjern
Publisher
NTNU

Contact Us | Send Feedback

Privacy policy
DSpace software copyright © 2002-2019  DuraSpace

Service from  Unit
 

 

Browse

ArchiveCommunities & CollectionsBy Issue DateAuthorsTitlesSubjectsDocument TypesJournalsThis CollectionBy Issue DateAuthorsTitlesSubjectsDocument TypesJournals

My Account

Login

Statistics

View Usage Statistics

Contact Us | Send Feedback

Privacy policy
DSpace software copyright © 2002-2019  DuraSpace

Service from  Unit