dc.description.abstract | Formålet med oppgåva er å undersøkja kva som har blitt gjort i programmeringa av miljøvennlege kontorbygg med tanke på FM. Oppgåva skal gi svar på problemstillinga: “Korleis blir FM-perspektivet tatt vare på i programmeringa av miljøvennlege kontorbygg?”.
Det er utarbeida følgande tre forskingsspørsmål:
- Kvifor er FM viktig i miljøvennlege kontorbygg?
- Kva er barrierane og drivarane for å implementera FM i programmeringa av nye miljøvennlege kontorbygg?
- Har det noko betyding for praktiseringa av FM i miljøvennlege kontorbygg, når FM blir tatt opp i byggeprosjektet?
For å kunne gi svar på nemnte problemstilling og forskingspørsmåla som høyrer til, blei det i byrjinga gjennomført ein litteraturstudie som danna det teoretiske rammeverket for avhandlinga. Undersøkinga har blitt utført som ein casestudie med fire miljøvennlege kontorbygg, der det har blitt gjennomført sju semi-strukturerte intervju og observasjon av casebygga.
Undersøkinga viser at barrierane for i implementera FM i programmeringa i miljøvennelge kontorbygg er for nokre av casebygga at leigetakarane ikkje veit kva dei har behov for, på dette stadiet. I tillegg er mange av leigetakerne ikkje vande med å vera med i ein slik prosess som kan skape problemar. Driverne for å implementera FM er at det har blitt viktigare å sjå kontorbygga i eit livsløpsperspektiv, og dermed vil det vera fordelaktig å planleggja fasilitetane tidleg. FM-perspektivet blir tatt vare på ved å ta med brukarane i programmeringa, samt planleggje eit fleksibelt kontorbygg, for å imøttekomme framtidige krav frå leigetakarar. | nb_NO |