Vis enkel innførsel

dc.contributor.advisorOlsen, Yngvar
dc.contributor.advisorForbord, Silje
dc.contributor.advisorBroch, Ole Jacob
dc.contributor.authorFoldal, Solveig
dc.date.accessioned2018-06-26T14:01:45Z
dc.date.available2018-06-26T14:01:45Z
dc.date.created2018-05-15
dc.date.issued2018
dc.identifierntnudaim:17708
dc.identifier.urihttp://hdl.handle.net/11250/2503073
dc.description.abstractMakroalgar har i tusenvis av år blitt brukt til mat og andre føremål over heile verda, og land som Kina, Korea og Japan har ein lang tradisjon for kultivering av tare. I Europa derimot er taren hovudsakleg hausta frå ville bestandar og blir primært brukt til kommersiell produksjon av tilsetningsstoff (til dømes alginat). Noreg er godt eigna til biomasseproduksjon med ei lang og næringsrik kystlinje, og har fleire naturleg voksande makroalgar med anerkjent kommersiell verdi. Makroalgar er veldig fleksible og har evne til å rekonfigurere thalli ved å modifisere både storleik og form. Fleire faktorar har vist seg å spele inn på morfologien, blant anna hydrodynamiske krefter, tilgang på næringsstoff, lys og temperaturar. Ei aukande utvikling av taredyrking på kommersiell skala har resultert i eit aukande behov for forsking på forbetring av tareutbytte og kvalitet. Estimering av biomasse blir gjort av økologar, botanikarar og haustarar for fleire grunnar, som evaluering av avlingsverdien, produktiviteten til ein lokalitet og næringsresirkulering, men dei fleste av målingsmetodane er destruktive. Studien var ein del av F&U-prosjektet MACROSEA leda av SINTEF Ocean AS. Målet med studien var å studere ulike morfologiske eigenskapar ved dyrka Saccharina latissima algar. Det var sett på korleis dei morfologiske eigenskapane føreheld seg til kvarandre og til haustbar biomasse. Innsamling av algar vart gjort på tre stasjonar langs Norskekysten med plassering i Vest-Noreg, i Midt-Noreg og i Nord-Noreg frå april-juni, og det blei samla inn algar frå både 2 m og 6 m djup. Relasjonen mellom dei morfologiske variablane lengde, bredde, areal og tørrvekt var tilsynelatande hovudsakleg bestemt av storleiken til taren og i mindre grad påverka av forskjellane mellom stasjonane og djupa. Det vart funne ein positiv relasjon med høg statistisk signifikans mellom biomasse og dei biometriske variablane lengde, bredde, areal (0,698 < R2 < 0,933). Areal hadde den sterkaste korrelasjonen, men alle relasjonane kan bli brukt med stor sikkerheit, til dømes som tilstandsvariabel for biomasse i modellar. Relasjonen mellom tørrvekt og våtvekt var høgt statistisk signifikant (P = 0,989), og gir ein enkel omrekningsfaktor mellom våtvekt og tørrvekt. Ein formel for bladarealareal til S. latissima ved bruk av lengde og breiddemålingar blei presentert. Ettersom taren vart større vart det observert større forskjellar i form og morfologiske karaktertrekk, der taren gjekk frå å ha eit smalt og avlangt blad til å allokere meir vekst i bredda i juni som førte til store variasjonar i bredde gjennom bladet.
dc.languagenob
dc.publisherNTNU
dc.subjectMarine Coastal Development, Aquaculture
dc.titleMorfologiske relasjonar til dyrka Saccharina latissima ved tre stasjonar langs Norskekysten
dc.typeMaster thesis


Tilhørende fil(er)

Thumbnail
Thumbnail

Denne innførselen finnes i følgende samling(er)

Vis enkel innførsel