Geokjemisk kartlegging av overflatejord i Kristiansand: Fordelinga av, og mulige kjelder til: arsen, bly, kadmium, kopar, krom, kvikksølv, nikkel, sink, PAH, benzo(a)pyren, og PCB i jord.
Master thesis
Permanent lenke
http://hdl.handle.net/11250/247763Utgivelsesdato
2012Metadata
Vis full innførselSamlinger
- Institutt for kjemi [1390]
Sammendrag
Kristiansand er ein av byane som inngår i det Europeiske prosjektet URGE; Urban Geochemistry in Europe. Målet for prosjektet er å kartlegge tungmetallar og POPs i Europeiske byar si jord og identifisere forureiningskjelder, sjå på helsebasert angrepsvinkel, og samarbeide med lokale helsemyndigheite. NGU tok jordprøvar fordelt i heile Kristiansand kommune i november/desember 2009, og august 2010. Desse har vorte analysert for arsen og tungmetallar, samt PAH og PCB. I denne oppgåva er arsen, bly, kadmium, kopar, krom, kvikksølv, nikkel, sink, PAH16, benzo(a)pyren og PCB7 konsentrasjonane blitt vurdert ut frå helsebaserte tilstandsklassar for forureina grunn. I tillegg til fordelinga av metalla og dei organiske miljøgiftene er det sett på mulige forureiningskjelder til desse. I mars 2012 vart det utført 171 analysar av eksteriørmaling på husfasadar i Kvadraturen i Kristiansand sentrum med handholt XRF . Dette vart gjennomført for å sjå om eksteriørmalinga i den ståande bygningsmassen kan utgjere ei potensiell forureiningskjelde. I Kristiansand har det vore raffinering av nikkel sidan 1910. Dei største noverande industribedriftene er Xstrata nikkelverk, og Elkem Carbon. Desse verksemdene er lett å spore i overflatejorda. Det er særskilt forhøga verdiar av nikkel, kopar, og arsen i det industrielle området. I tillegg er det forhøga verdiar av bly rundt Elkem sitt industriområde. I den eldste bebygde delen av byen; Kvadraturen, er det i hovudsak bly det er høgast verdiar, og elles ganske reint. XRF målingane i dette området syner at den ståande bygningsmassa utgjer ei tilleggskjelde til fleire metallar og då særleg bly og sink. Dette må takast hensyn til ved oppussing og eventuell riving av fasadane. Ei rekke leikeområder i heile kommunen har arsen verdiar over normverdi, men samtlege er under den anbefalte tiltaksgrensa på 20 mg arsen/kg jord i born sine leikemiljø. Det er truleg bruk, eller tidlegare bruk av CCA impregnert trevirke som er årsaken til dette. Nokre enkeltprøvar merkar seg ut med høgekonsentrasjonar for fleire tungmetallar, det kan vere ulike årsakar til dette, men i Marvika har det vore gjort masseutskifningar i samband med prosjektet Kristiansandsfjorden, for å hindre at forureining frå tidlegare marinebase-drift skal kunne forureine sedimenta i fjorden. Denne undersøkinga har kun ei prøve frå området. Det bør difor takast fleire prøvar for å for å kontrollere den nye tilførte jorda er forureina, eller om det er andre kjelder som er årsaka til dette. Det som skil overflatejorda i Kristiansand frå andre norske byar er nikkel, i den industrielle delen av kommunen.