EUs utanrikspolitikk overfor Ukraina : storpolitikk og intern strid
Master thesis
Permanent lenke
http://hdl.handle.net/11250/2436413Utgivelsesdato
2016Metadata
Vis full innførselSamlinger
Sammendrag
Denne studien har tek sikte på å identifisere EUs politiske verkemiddel overfor Ukraina og analysere EUs politikk overfor Ukraina mellom 2010 og 2013. Det analytiske verktøyet er Graham Allisons tre konseptuelle modellar. Desse modellane gir tre forskjellege perspektiv for å analysere utanrikspolitiske avgjerder. Den første modellen tek utgangspunkt i EU som ein einskapleg aktør som ønskjer å integrere Ukraina med EU for å sikre energitilgang og utvide EUs påverknad i nabolanda. Dette står i kontrast til Russland som ønskjer å halde på sin påverknad i Ukraina. Den andre modellen ser på EUs utanrikspolitikk som vedteken av byråkratiske element i EUinstitusjonane, EEAS, Kommisjonen, Det europeiske råd (Rådet) og Utanriksrådet. Dette er med åp å skape skiljelinjer mellom desse institusjonane. Den siste modellen ser på dei politiske aktørane for desse institusjonane – og dei største medlemsstatane – som spelarar i eit politisk spel der målet er å påverke EUs utanrikspolitikk. Analysen avslører konfliktar mellom dei politiske leiarane, og mellom dei store landa om utanrikspolitikken overfor Ukraina.