Show simple item record

dc.contributor.authorBjåstad, Merete Haddal
dc.date.accessioned2015-11-13T07:34:28Z
dc.date.available2015-11-13T07:34:28Z
dc.date.issued2015
dc.identifier.urihttp://hdl.handle.net/11250/2360235
dc.description.abstractKor hardt står eigentleg klimaargument i møte med sterke næringsinteresser? Denne oppgåva utforskar forholdet mellom klima- og petroleumspolitikk, med vedtaket frå 2014 om tvungen elektrifisering av Utsirahøyden som case, for å finne ut kvifor vedtaket kom. Noreg har gjennom Klimaforliket vedtatt å kutte to tredjedelar av sine klimagassutslepp nasjonalt innan 2020, og petroleumssektoren står her for ein fjerdedel av utsleppa. Elektrifisering av oljeplattformar har sidan 1996 vore halde fram som ein superkur for å få ned CO2-utslepp frå oljeproduksjonen på norsk sokkel, men berre fire av 63 felt har sidan då fått kraft frå land. Tiltaket er kostbart, krev stabil kraftforsyning og er lite lønnsamt for petroleumssektoren. Frå 2007 til 2011 fann ein nye store mengder petroleum på Utsirahøyden, vest for Rogaland. Oljejubelen steig, men baksida av medaljen var altså enda større utslepp, som ein allereie sleit med å kutte. Gigantfeltet Johan Sverdrup ga likevel trua på at ein no endeleg kunne få til å elektrifisere, men striden blei hard. Vegen mot vedtaket er prega av politisk spel og sterke interessekonfliktar, der både oljebransjen, fagbevegelsen, kraftbransjen og miljøbevegelsen er tunge premissleverandørar. Ein enda til slutt på eit kompromiss om elektrifisering innan 2022, to år etter måla i Klimaforliket skulle vere oppnådd. Kvifor kom vedtaket om tvungen elektrifisering av Utsirahøyden innan 2022? Casestudien analyserer beslutningsprosessen for å sjå på årsakene som førte til vedtaket. Utgangspunktet er Johan P. Olsen (1989) sine fire perspektiv på utforming av petroleumspolitikk; politikk som rasjonell planlegging, institusjonelle rutinar og normer, forhandlingar og interessehevding og situasjonsbestemte tilfeldigheiter. Datamaterialet er ein større dokumentstudie og intervju med sentrale aktørar. Analysen viser at vedtaket ser ut til å ha kome på bakgrunn av eit situasjonsbestemt moglegheitsvindu, med eit regjeringsskifte og Klimaforliket som avgjerande faktorar, som igjen har mogleggjort interessehevding, politisk spel og forhandling mellom dei politiske partia og næringsinteressene.nb_NO
dc.language.isonnonb_NO
dc.publisherNTNUnb_NO
dc.titleFrå kupp til kompromiss : kabeltrekking om kraft frå landnb_NO
dc.title.alternativeEin casestudie om beslutningsprosessen fram mot tvungen elektrifisering av Utsirahøyden frå 2022nb_NO
dc.typeMaster thesisnb_NO
dc.subject.nsiVDP::Social science: 200nb_NO


Files in this item

Thumbnail

This item appears in the following Collection(s)

Show simple item record