Skrivarane og essayet
Abstract
Denne masteravhandlinga er ei kvalitativ undersøking av elevessay. Eg undersøker korleis elevar skriv essay etter å ha lese romanutdrag frå ein skjønnlitterær tekst. Problemstillinga mi er som følgjer: «Kva kjenneteiknar eit utval elevessay skrivne av elevar i vidaregåande skule etter at dei har lese utdrag frå ein roman av Erlend Loe?» Føremålet med prosjektet er å undersøkje kva som kjenneteiknar essayskriving. Dette belyser eg gjennom to forskingsspørsmål: 1 - «Korleis kjem utforsking og refleksjon til syne i elevessaya?» og 2 – «Korleis gjer elevane nytte av utdraga frå romanen til Erlend Loe i essayskrivinga?». Datamaterialet består av 21 elevessay som eg henta inn frå ein norsklasse ved «Bybakken vgs» etter at eg hadde gjennomført eit undervisingsopplegg der. Eg gjorde eit strategisk utval på fire elevessay som eg undersøker meir inngåande for å få fram kva som kjenneteiknar elevessay
Det teoretiske rammeverket for studien er basert på tidlegare skriveforsking. Spesielt undersøkjer eg omgrepa refleksjon og utforsking, samt forsking på korleis skriving etter skjønnlitterær lesing kan utfalde seg. Metodologisk lét studien seg definere som ein kvalitativt kasusstudie. Eg har tolka elevtekstane – og rettar merksemd mot kva elevane skriv.
Eit overordna funn i studien er at det er stor variasjon i korleis elevane gjennomfører essaysjangeren. Det varierer mellom korleis dei dreg vekslar på romanutdraga og eigne erfaringar. Eg nyttar perspektiv som subjektiv relevans (Smidt, 1989) og kunnskapssøking (Matre et a., 2021) som teoretisk innsikt.
Studien peiker på korleis skjønnlitterær lesing kan vere ein fruktbar veg inn i essayskriving. Studien syner også fram verdien av å leggje til rette for utforsking i norskfaget. This master's thesis is a qualitative study of student essays. I examine how students in an upper secondary school class substantiate the essay genre in a teaching unit where they have read excerpts from a literary text. My main research question is as follows: "What characterizes a selection of student essays written by upper secondary students after reading excerpts from a novel by Erlend Loe?" The aim of the project, within a Norwegian subject context, is to investigate what characterizes essay writing. This is explored through two sub questions: 1) "How are exploration and reflection expressed in the student essays?" and 2) "How do the students make use of the excerpts from Erlend Loe's novel in their essay writing?" The data material consists of student essays written at the end of a teaching unit. A total of 21 essays were collected from the Norwegian class at "Bybakken Upper Secondary School". I made a strategic selection of four student essays, which I analyze in greater depth to uncover what characterizes an essay.
The theoretical framework for the study is based on previous research on writing. I examine the concepts of reflection and exploration, as well as research on how writing in response to literary reading, can manifest. Methodologically, the study is defined as a qualitative case study. I have interpreted the student texts – focusing on what the students write.
A key finding of the study is that there is significant variation in how students compose the essay genre. Nevertheless, the project shows that students often connect themselves to the novel experts. I use perspectives such as subjective relevance (Smidt, 1989) and the pursuit of knowledge (Matre et a., 20221) as theoretical insights.
The study highlights how literary reading can be a fruitful approach to essay writing. It also demonstrates the value of facilitating exploration in the Norwegian subject.