Modellering av heildekkande kart over artsmangfald – Betre kunnskap for arealbasert forvaltning av natur
Herfindal, Ivar; Perrin, Sam; Adjei, Kwaku Peprah; Mostert, Philip Stanley; Togunov, Ron Ronald; Töpper, Joachim Paul; Grytnes, John-Arvid; Chipperfield, Joseph; O'Hara, Robert Brian; Finstad, Anders Gravbrøt
Research report
Published version
Date
2025Metadata
Show full item recordCollections
- Gjærevollsenteret - Rapportserie [3]
- Institutt for biologi [2753]
- Institutt for matematiske fag [2686]
- Institutt for naturhistorie [1300]
- Publikasjoner fra CRIStin - NTNU [41954]
Abstract
Å finna og bevara dei viktigaste områda for natur har vorte meir aktuelt dei siste åra, med auka press på alle typar areal frå ulike sektorar. Arealkonfliktar har vorte spesielt aktuelt i debatten rundt det grøne skiftet, der fornybar energi ofte krev store areal og kjem i konflikt med naturverdiar. Klimakrisa og naturkrisa må løysast saman. Medan vi har relativt god oversikt over kva som er bra, og kva som er mindre bra, for å redusera klimaendringane, er det ein større mangel på kva som er den viktige naturen. Å løysa natur- og klima-krisene og dra samfunnet i retning av ei meir berekraftig utvikling, krev difor betre kunnskap om natur.
Konfliktar rundt arealbruk finst i alle samfunnssektorar. Arealendringar er den største årsaka til at artar vert trua eller forsvinn, både globalt og nasjonalt. Det er difor heilt sentralt for å ta vare på natur, at ein får ei betre og kunnskapsbasert arealforvalting. Tradisjonelt har arealbasert forvalting av natur ofte vorte gjort gjennom å etablera naturvernområde. Sjølv om dette effektivt har verna relativt store område, er det meste av naturen ikkje verna. Det finst likevel andre måtar å bevara natur på enn gjennom vern, som i mange tilfelle er spira til konflikt fordi vern legg ein del sterke restriksjonar på korleis areal kan brukast. Slike andre areal-baserte bevaringsformer for natur kan vera effektive, men dette krev kunnskap om kva område som har viktige naturverdiar. Slik kunnskap, om den er etterprøvbar og påliteleg, kan også redusera konfliktnivået mellom grupper som har ulike interesser og bruk av område.
Ein av dei viktigaste arealkunnskapane for naturforvaltning er å vita artsmangfaldet i eit område. Artsrike område vil ofte ha meir komplette næringsnett, artsinteraksjonar og økosystemfunksjonar, og såleis også levera fleire og betre økosystemtenester. Samstundes er det ikkje slik at artsfattige område har mindre naturverdi. Desse områda kan ha artar og økosystemfunksjonar som ikkje finst i andre område, og kan difor vera spesielt viktige å oppretthalda god tilstand i gjennom å sikra gode og store nok leveområde for artane. Forvaltinga har både trua artar og nasjonale ansvarsartar som grupper av artar som det skal takast spesielt omsyn til.
For å vita den romlege fordelinga av rikdom av ulike artsgrupper, treng ein observasjonar av artar. Dette er utfordrande, fordi det for mange artsgrupper er ressurskrevjande å kartlegga systematisk førekomst av artar sjølv over små område. Dei siste tiåra har folkeforsking bidratt til ein enorm auke i tilgangen på førekomstdata av artar. Desse data er svært viktige bidrag til kunnskapsgrunnlaget om artsmangfaldet i Noreg. Likevel er det knytt ein del utfordringar til desse data. Dei er som regel opportunistisk innsamla med svært høg gografisk skeivheit i innsamlinga. Det er mest data frå dei områda som er nærast folk eller lettast tilgjengeleg. Om ein ikkje tar omsyn til dette, får ein inntrykk av at dei mest artsrike områda er der det er mest folk. Skal ein ta omsyn til denne skeivheita, treng ein meir systematisk innsamla data der det også er informasjon om innsamlingsprosessen, til dømes gjennom observasjon av både funn og ikkje-funn. Slike data finst også tilgjengeleg, til dømes gjennom nasjonale overvakingsprogram, men desse data har som regel monaleg mindre romleg utstrekning enn folkeforskingsdata.
Integrerte artsutbreiingsmodellar (iSDM) er relativt nye statistiske verktøy som slår saman opportunistisk innsamla data med systematisk innsamla data med informasjon om innsamlingsintensitet. Slike modellar har eit stort potensiale for å dra nytte av styrkane til ulike typar data, samtidig som dei kan ta omsyn til ein del av utfordringane, men modellane har i liten grad vore brukt i storskala modellering av artsmangfald. I denne rapporten viser vi resultat frå ein fyrste versjon av modellar av artsmangfald i Noreg basert på iSDM, for 5 artsgrupper i terrestriske økosystem i Noreg: fuglar, insekt og edderkoppdyr, karplanter, sopp, og lav. Vi modellerte også artsutbreiing og rikdom for artsgruppene mosar, amfibium og reptil, flaggermus og små pattedyr, men for desse gruppene var det ikkje råd å få tak i gode data med innsamlingsinnsats, slik at vi ikkje kunne justera for skeivheita i artsførekomstdata. Dette gjer karta over artsmangfald for desse gruppene mindre pålitelege. Resultat for desse artsgruppene vert difor ikkje presentert i denne rapporten.
Samla har vi brukt meir enn 35 millionar postar om observasjon av artar eller av fråvær av artar. Meir enn 88000 personar eller institusjonar har bidratt med artsdata gjennom folkeforsking, kartleggingsprosjekt eller forskingsprosjekt. Artsdata vart kombinert med miljødata for å modellera artsutbreiinga til meir enn 7700 artar. Desse artsutbreiingskarta er så aggregerte til kart over artsrikdom for kvar av dei fem artsgruppene, og for ulike forvaltingsklassar: alle artar, trua artar og nasjonale ansvarsartar. Basert på desse karta over artsrikdom har vi så laga kart over spesielt artsrike område, såkalte hotspotområde. Vi viser tre hotspotklassar: HS1 er dei 1% mest artsrike områda for ei artsgruppe og forvaltingsklasse, HS2 er dei 5% mest artsrike, og HS3 dei 10% mest artsrike områda. Karta har ei romleg oppløysing på 500*500m2. Oversikt over arbeidsflyt, open kjeldekode og referansar til data er dokumentert i Perrin m.fl. (2025).
Saman med artsrikdomkarta får vi også kart over usikkerheita til dei estimerte artsrikdomane for eit område, t.d. representert ved eit piksel. Denne usikkerheita fortel om kor påliteleg artsrikdom er estimert i området. Dette er verdifull informasjon. Det kan til dømes informera om kva område der ein bør leggja ekstra innsats for å auka kunnskapen om artsmangfaldet. Usikkerheita kan også peika på område som ikkje er definert som hotspot, men som likevel har høgt sannsyn for å vera hotspot fordi usikkerheita til artsrikdomestimatet er høgt. I slike område bør ein vera ekstra føre var før ein tar avgjersler om naturinngrep.
Hotspotkarta stadfesta at områda sør og aust i Noreg, det sentrale Austland og Sørlandet, har høg rikdom for fleire artsgrupper, spesielt insekt og edderkoppdyr, og sopp. Rikdomen av karpanter er også høg i desse områda, men for denne artsgruppa er områda rundt Trondheimsfjorden spesielt artsrik. Lav finn vil gjerne litt lenger inn i landet, samanlikna med sopp og insekt/edderkoppdyr, men også for denne artsgruppa er det områda frå Trøndelag og sørover som har høgast rikdom. Artsrikdomen for fuglar er spreidd meir utover landet, med ingen tydelege store hotspotområde.
Hotspotområda for trua artar verka å i stor grad overlappa med hotspotområda for alle artar for same artsgruppa. For nasjonale ansvarsartar finn vi ofte hotspotområda i heilt andre delar av Noreg, gjerne høgt til fjells og nord, for dei fleste artsgruppene. Dette gjev meining, då nasjonale ansvarsartar har ein stor del av den europeiske bestanden i Noreg. Det er gjerne kuldeelskande artar.
Sjølv om artsrikdom i seg sjølv er viktige mål, finst det andre måtar å visa viktige område for natur. Romleg betadiversitet er ein måte å visa den romlege utskiftinga av artsmangfaldet, og skalaen som denne utskiftinga skjer på kan varierar mellom artsgrupper og mellom område. Dette såg vi tydeleg for insekt og edderkoppdyr. Ein del område har svært høg utskifting av artar over korte avstander, medan andre område har meir eller mindre same artssamfunn over store område. Det har konsekvensar for kor stor påverknad naturinngrep vil ha for artsmangfaldet. Område med høg betadiversitet, altså lita utskifting over store avstander, vil mista få artar om ein del av område forsvinn. Det motsette er tilfelle for område med låg betadiversitet, der sjølv små inngrep kan føra til at ein mister artar frå ein større region.
I denne rapporten presenterer vi samanstillingar av karta over artsrikdom og artsmangfald mot ei rekke datasett med relevant arealinformasjon for forvaltinga:
• Hovudøkosystem: Dyrka mark, grasmark og skog er dei mest artsrike hovudøkosystema.
• Natur i Noreg: Artsrikdomen for ein naturtype er i liten grad knytt til kvaliteten til naturtypen. Utvalde naturtypar er meir artsrike enn område som er kartlagde utan funn av utvalde naturtypar.
• Naturskognærheit er høgare i hotspotområde for ansvarsartar av karplanter og insekt og edderkoppdyr, enn i hotspotområda for trua artar eller alle artar samla.
• Det er stor førekomst av naturinngrep i område definert som hotspot (HS3) for alle artsgrupper. Svært liten del av hotspotområda ligg meir enn 1 km unna større naturinngrep.
• Villmarksprega område (>5 km frå større naturinngrep) har som regel lågare artsrikdom enn område som ikkje er villmarksprega. Unnataket er artsrikdom av nasjonale ansvarsartar for sopp og lav.
• Hotspotområda for dei nasjonale ansvarsartane vil oppleva monaleg større klimaendringar fram mot 2071, enn hotspotområde for trua artar og for alle artar samla.
• Område med høg rikdom av karplanter, og av trua karplanter, har mykje karbon lagra både over og under bakken. Dette er ikkje tilfelle for område med høg artsrikdom av nasjonale ansvarsartar.
• Det er høg artsrikdom for alle artar i naturreservat, medan nasjonalparkar har låg artsrikdom, også lågare enn område som ikkje er verna. Dette er mindre tydeleg for nasjonale ansvarsartar.
• Utvalde kulturområde har jamt over høg andel av hotspotområde (HS3), som tyder på at skjøtsel og hevd av kulturmark i desse områda er positivt for ein stor del artar av alle artsgrupper.
• Oslo, Akershus og Østfold er dei fylka med høgast prosentandel hotspotområde (HS3) når ein ser på alle artar samla. Dei har derimot lite hotspotområde for nasjonale ansvarsartar – desse områda finn vi spesielt i Finnmark, Trøndelag og på vestlandet.
• Kommunar med høg andel hotspotområde for alle artar av ei artsgruppe, har også høg andel hotspotområde for truga artar. Dei har derimot lite hotspotområde for nasjonale ansvarsartar.
• Det er relativt høg samvariasjon i førekomst av hotspotområde for dei ulike artsgruppene på kommunenivå. Unnataket er for lav. Kommunar med mykje hotspotområde for lav har i mindre grad tilsvarande mykje hotspotområde for dei andre artsgruppene.
Samla viser desse analysane at det er vanskeleg å finna enkeltområde som sikrar store delar av norsk artsmangfald. Det er spesielt dei nasjonale ansvarsartane som skil seg ut. Analysane viser også at ein del av verktøya for arealforvaltning i liten grad fangar opp viktige område for artsmangfaldet i Noreg. Det kan skuldast at mykje av den verna naturen eller område som i dag framstår som upåverka av menneske, er å finna i karrige naturtypar som frå naturen si side er artsfattige. Ei effektiv arealforvaltning for å sikra artsmangfaldet i Noreg lyt finna løysingar på å bevara natur også i område som i dag opplever stort utbyggingspress frå ulike sektorar.
Det er viktig å peika på at sjølv om vi har klart å modellera heildekkande kart av artsmangfold for 5 viktige artsgrupper, er det likevel store delar av norsk artsmangfald som det ikkje har vore mogleg å produsera pålitelege kart over. Den største hindringa til dette er datamangel, og då spesielt data med informasjon om innsamlingsinnsats. Nasjonale overvåkingsprogram for planter, insekt, og fugl, har vore uvurderlege for å få gjennomført prosjektet. For mange artsgrupper finst ikkje tilsvarande program, og då vert kunnskapen om artane tilsvarande mangelfull.