Unge skrivarar byggjer forteljingskompetanse. Ein studie av skrivedidaktiske ressursar i bruk på andre trinn.
Journal article, Peer reviewed
Published version
Date
2024Metadata
Show full item recordCollections
- Institutt for lærerutdanning [3967]
- Publikasjoner fra CRIStin - NTNU [41088]
Abstract
Artikkelen undersøkjer korleis unge skrivarar tar i bruk to versjonar av ein skrivedidaktisk ressurs i prosessar der dei skal skape forteljingar. Studien er forankra i sosiokulturell teori og dialogisk forståing av meiningsskaping og læring. Empirien som ligg til grunn, er elevtekstar, samtalar og observasjonar samla inn i tre andretrinnsklasserom, som ledd i ein større intervensjonsstudie (FUS). Det er gjort tekstanalysar og etnografisk inspirerte analysar. Funna viser stor variasjon i korleis elevane tar ressursane i bruk. Overordna såg vi at breidda av elevane hadde nytte av strukturhjelpa og fagomgrepa dei fekk tilgang til. Samtale om forteljingselement og tekstar spelte ei viktig rolle i skriveprosessane, og elevane brukte ressursane på fleksible måtar, internaliserte fagomgrepa og tok eigarskap til tekstane sine. Med bakgrunn i desse funna diskuterer vi potensialet ressursane har til å bidra til utvikling av barns forteljingskompetanse. Unge skrivarar byggjer forteljingskompetanse. Ein studie av skrivedidaktiske ressursar i bruk på andre trinn.